Ulvikasamtalen 2018 : Olav H. Hauge og den nynorske dagboka

Ulvikasamtalen 2018 : Olav H. Hauge og den nynorske dagboka

Kva er ei dagbok, og korleis kan ho vere med på å forme både liv og forfattarskap?

Kva er ei dagbok, og korleis kan ho vere med på å forme både forfattarskap og liv? Olav H. Hauge skreiv dagbok frå han var femten år gammal og like fram til ei veke før han gjekk bort i 1994. Dei fem svære dagbokbanda er utan sidestykke i norsk litteratur og ein viktig del av den samla forfattrarskapen. Dette er ikkje berre ein samtale Hauge fører med seg sjølv, med bøkene og med andre forfattarar: Det er også ein dagleg dialog med andre dagbøker, dagbokskrivarar og med sjølve dagbokforma. Hauge skriv seg inn linjene frå store europeiske dagbokskrivarar som Samuel Pepys og André Gides, og amerikanarar som Henry David Thoreu og Ralph Waldo Emerson, og nynorske pionerar som Ivar Aasen og Arne Garborg. Ja, det går an å seie at Olav. H. Hauge både skriv dagbok og forskar på kva ei dagbok er, kva ho kan vere og korleis ho kan forandre både litteratur og liv.

Øysten Hide har i mange år forska på biografiar, dagbokskriving og sjølvkunnskap, og skriv doktoravhandling om den nynorske dagboktradisjonen. I Ulviksamtalen 2018 møter han Eirik Vassenden, som er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

 

Ulvikasamtalen 2018

Laurdag 8. september

Kl 10.00

Elvatun

Kr 150 / 100 (student)

Kjøp billett