Poeten i si samtid

Poeten i si samtid

Kvar brenn det for poetane Asta Olivia Nordenhof, Mona Høvring og Ingrid Nielsen? Og kva for lyrisk uttrykk får det?

«Brilliant digtsamling beviser at en litterær stjerne er ved at blive til», skreiv den danske avisen Politiken om Asta Oliva Nordenhofs diktsamling Det nemme og det ensomme (2013). Brutalt, direkte og poetisk presist skildrar Nordenhof episodar frå kvardagen i notida og frå ein vanskeleg oppvekst der ho vekslar mellom ellom glede, humor, desperasjon, ømheit, råskap og indignasjon.

Den nyaste diktsamlinga til Mona Høvring, Jente med dødningehode (2017), er tette skjebneforteljingar som utfordrar og utvidar lyrikksjangeren med kraft og resonans. Med sitt skarpe poetiske instinkt skriv Mona Høvring dikt som på kvar bokside syner fram prekære drama, vare og nødvendige dialogar.

I Ingrid Nielsens debutbok Hemmelig, men aldri som en tyv (2016) trør dikta langs ulike grenser for røynsle og liv. Ho hentar fram magiske tenkjemåtar og sansingar av det som både er på og utanfor veggene for våre liv. Her er dikt om kroting på sotvegg, om kjærleiksdikt utan ord, om nådelaus trøyst, og om å skrive for livet.

Dei tre les og samtalar med kritikar og forfattar Kaja Schjerven Mollerin.

 

Poeten i si samtid

Søndag 9. september

Kl. 13.00

Hauge-senteret

Kr 150 / 100

Kjøp billett