Tone Hødnebø
Foto: Rolf M. Aagaard

Tone Hødnebø

«jeg skriver for å finne det punktet som skal romme alle punkter.» har Tone Hødebø sjølv sagt om eiga skriving.

Tone Hødnebø (f. 1962) debuterte med diktsamlinga Larm i 1989, og har gitt ut seks diktsamlingar. Ho har gjendikta eit utval av Emily Dickinsons dikt, Skitne lille hjerte (1995), og den kanadiske poeten Anne Carsons diktsamling Glass, ironi og Gud (2014). I åra 1990-1997 var Hødnebø medredaktør i litteraturtidsskriftet Vagant.

Hødnebø sitt forfattarskap har blitt heidra med ei rekkje prisar som Sultprisen og Doblougprisen. I 2018 vart ho tildelt Gyldendalprisen og Triztan Vindtorns poesipris.