Svanhild Amdal Telnes
Foto: Julie Pike

Svanhild Amdal Telnes

Svanhild Amdal Telnes er lyrikkdebutant med ei diktsamling om svik, sakn og snudde omsorgsrollar.

Svnahild Amdal Telnes (f. 1994) debuterer i år som poet med diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar. Boka er ei samling dikt om å leve med traume, om snudde omsorgsroller, om frykta for at slekt vil følgje slekters gang. Det handlar om svik og sinne, sakn og sorg. Men òg om styrke trass alt, om støtte, om å erfare at sjølv om korger brest, er det verdt å flette nye, å leite etter ei som held ei framtid.