Ruth Lillegraven
Foto: Paal Audestad

Ruth Lillegraven

er poeten med eit direkte uttrykk som gir rom for undring og refleksjon.

Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. I 2013 fekk ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Med diktsamlinga Eg er eg er eg er (2016) synte Lillegraven at ho også meistrar kunsten å skrive dikt for born. Eg er eg er eg er er ei vakker og kjenslevar diktsamling for born og for vaksne. Boka vart kåra til Årets vakraste skjønnlitterære bok for barn og ungdom 2017, og var nominert til Brageprisen. Lillegraven har vore redaktør for diktsamlinga Disse dagene, dette livet (2016) saman med Tordis Ørjaset, omsett den svenske poeten Marie Lundquist til nynorsk og debuterte i 2018 som dramatikar på Det Norske Teateret med den kritikarroste framsyninga Cally

Det vert lanseringsfest for Lillegraven si nyaste diktsamling Skogen den grøne (2018) under årets Poesifestival.