Kolbein Falkeid
Foto: Hans Jørgen Brun

Kolbein Falkeid

formidlar livserfaring på ein måte som gir gjenklang hos den som les.

Kolbein Falkeid (f. 1933) gav ut si første diktsamling, Gjennom ett glass-skår,  i 1962, og etter kvart er det blitt over 20 bøker. Falkeid skriv kvardagsnær lyrikk i modernistisk tradisjon. I mottivala er han ofte både lokal og internasjonal i same skrift - han bevegar seg i eit landskap frå kysten på Vestlandet til Afrika og Italia. Slik Falkeid ser det, er dikt noko som skal framførast, og i sitt samarbeid med gruppa Vamp har Falkeid sine lyriske tekstar nådd eit nytt og anna publikum. I meir enn femti år har han vore eit sentralt namn i norsk lyrikk, og i hans åttiande år kom diktsamlinga Øyet og virkeligheten i 2014.