Knut Ødegård
Foto: Anna Julia Granberg / Blunderbuss / Cappelen

Knut Ødegård

oppsøkjer gjerne dei mørke krokane i samfunnet og menneskesinnet for å løfta fram dei mest sårbare og minst synlege blant oss.

Knut Ødegård (f.1945) debuterte i 1967 med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda.

Ødegård har gitt ut over 40 utgivingar og har omsett og gjendikta frå ei rekkje språk. Poeten frå Molde er ein sjølv ein av dei mest omsette poetane vi har i Noreg og dikta hans er gitt ut på 29 språk. I 2013–16 kom firebandsverket Edda-dikt, der Ødegård har gjendikta til nynorsk og kommentert alle eddadikta.

Knut Ødegård er i sitt femtiande år som poet og er igjen høgst relevant og aktuell med si nyaste diktsamling Tida er inne (2017). Samlinga viser ein diktar med djerv biletskaping og som ikkje er redd for å gå rett inn på dagen politiske scene.