Kjartan Hatløy
Foto: Oddleiv Apneseth

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy (f. 1954) skriv naturdikt med djupne, har eit brennande miljøengasjement, og meiner at vi har mykje å lære av urfolk

Kjartan Hatløy debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven og har til no skrive 12 bøker. Hatløy meistrar i sin sermerkte poetisk-filosofiske refleksjon å gi natur og ting den største merksemd. Slik syner dikta hans oss å sjå verda på nye måtar. Hatløy kjem ut med ei ny diktsamling, Menneskedagar, no i september.