Kjartan Fløgstad
Foto: Julie Pike

Kjartan Fløgstad

vender stadig tilbake til poesien i songtekstar, gjendiktingar eller dikt, som han flettar inn i romanane sine.

Kjartan Fløgstad (f.1944) er ein av dei mest prislønte norske forfattarane og meistrar dei fleste sjangrar. Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968 og følgde opp året etter med Seremoniar. Fløgstad har òg gjendikta poesi, mellom anna Pablo Neruda. Den lyriske diktinga har sidan debuten vore ein slitesterkt tråd gjennom forfattarskapen. Mest kjend er Fløgstad for sine romanar og essays, og med romanar som Dalen Portland (1977), Fyr og flamme (1980) og Grand Manila (2006) har han etablert seg som ein av dei fremste prosadiktarane i Noreg.