Erlend O. Nødtvedt
Foto: Elias Dahlen

Erlend O. Nødtvedt

er vestlandspoeten som kombinerer nye og gamle språkformer.

Erlend O. Nødtvedt (f. 1984) skriv dikt med lydlege og rytmiske kvalitetar i ein energisk og vilter form. Med eit grensesprengjande språk har Nødtvedt gitt noko nytt til den norske poesien. Nødtvedt debuterte med Harudes (2008) og har sidan gitt ut samlingane Bergens beskrivelse (2011) og Trollsuiten (2014). Hausten 2017 kom Nødtvedt med sin fyrste roman, Vestlandet: ei reiseskildring som tek oss med på ei vill ferd gjennom fjordane for å gjenoppdage ein tapt landsdel. 

Nødtvedt har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, sist Bjørnsonstipendet i 2012. 

Erlend O. Nødtvedt møter vi i programposten Sidervisdom