Bendik Vada
Foto: Finn Ståle Felberg

Bendik Vada

"livet / e best på halv stang», står det å lese i debutboka "Vak" til Bendik Vada.

Bendik Vada (f.1996) fekk Vesaas-nominasjon i 2017 for brakdebuten Vak. I denne diktsamlinga møter vi eit kjærestepar som bur i skogen. Dei høyrer ikkje heime hjå kvarandre lenger. Her er slett inga skogens ro. Vada skriv om noko ganske sjeldant i norsk poesi: om den motvillige mannen, om ein velta maskulinitet. Om det sårbare. Vak kan lesast som ei vandring, ein rytmisk song, ein mogleg sirkel. Vak er skrive på trønderdialekt.

Bendik Vada møter vi i programposten Når poetane får velje