Øyvind Berg
Foto: Monica Larsen

Øyvind Berg

skriv med ein særeigen energi og ein sterk vilje til å fornye det poetiske språket

Øyvind Berg (f. 1959) skriv leikne dikt, krasse dikt, glade dikt, fandenivoldske dikt, politiske dikt, triste dikt, kjærleiksdikt, skråsikre dikt og undrande dikt.

Berg debuterte med diktsamlinga Retninger i 1982 og har sida den gong gitt ut ei rekkje diktsamlingar, essays, skodespel og gjendiktingar. Berg var ein av grunnleggjarane av kunstnarkollektivet Baktruppen.