Sindre Ekrheim
![]() |
Sindre Ekrheim |
Ingen må vere omgjeven av nokon
alt som blir omringa av tre
er ei glenne i ein skog
eit ord må vere
omgjeven av munnar
ei øy
må vere omkransa
av vatn på alle kantar
alle kantar
må vere hardare og høgare
enn vatnet, og vatnet må renne, må
røre seg, strøyme, kunne dra under, drukne
noko
Sindre Ekrheim
Publisert av Jorid LekvePublisert