Mona Høvring

Mona Høvring
Mona Høvring

 

 

 

 

 

 

ALLE FAKTA KAN BLI FEIL

 

Korleis er det med deg, du vesle fugl,

du som gøymer deg på dyrka mark?

 

Songen din er rein og klar,

som ei japansk vindklokke er songen din.

 

Du triste, beske kvark, du gløymske gluon,

kva tyder dette chu-hu, etterfølgt av eit gys?

 

Søvnen sin vitskap og di skinande kvitring seier:

Freden og eg er framande for kvarandre no.

 

 

 

 

HALD PÅ MED DITT

 

Hald på med ditt

um du står

eller går,

um du søv,

um du et,

um du ligg

eller sit 

hald på med ditt,

sjå deg snitt

til ein vrid

anten natt

eller dag,

går du baut,

yver stag 

hald på med ditt,

pugg ord,

plugg skor,

hald på med ditt

um det skin

eller snør,

blæs frå nord

eller sør - 

erg eir,

skit bekk,

bank leir!

 

(Frå Spør vinden, Olav H. Hauge, 1971)