Knut Ødegård

Knut Ødegård
Knut Ødegård

 

 

 

 

 

 

 

JAHVES SKALDAR

 

Ein teolog sa meg at Jahve tyder: Eg er den eg er.

Folk flest meiner at skaparen Gud er død.

 

Tenkte på dette då eg tenkte på diktarar før:

på Arnold Eidslott som var ein kar

med jarnklør på føtene, han klatra

opp høge stolpar og reparerte telefonliner

slik at signala kom fram,

på at Alf A. Sæter var ein fotograf med drivkvit hud

som heldt seg stort sett i mørkeromet

der han framkalla positive bilete frå negativ film,

og at Olav H. Hauge var ein gartnar

som la si kvasse sjel i å skjera kvistene av epletrea

med heilt presise snitt slik at kvart tre

bar maksimalt med eple.

 

Vi mindre skaparar er dei vi er, vi òg.

 

Knut Ødegård