Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy
Hatløy



 

 

 

 

 

 

dikt om Olav H. Hauge

 

Hauge preikar ikkje, men det er to gudar hjå han, Vårherre og Gud

Vårherre –Hauge berre smiler godlynt om Vårherre. Men Gud er hans alvor.

Ei snill kraft i kosmos «finn det sovande så vel som det vakande hjarte». Gud er æva, stjernene

men og den eigne store sorg, når den er blitt mild.

Hauge bed ikkje, altfor varsam til det. Men i sagbukken og Hauge er Gud, i ærleg arbeid. Gud er i Hauge

der han hjelper yngste trea. Er i tanken:» gjer ein annan mann ei beine.»

 

Kjartan Hatløy