Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy
Øyvind Rangøy

 

 

 

 

For keisaren du atter gol og svor.

Så står eg der med hand på klinka no

og noko i meg susar. Er det blod?

Død i mitt skal av kalk og tome ord.

 

Og fjella snøkledd månefunklar blått

så tida stansar. Bislaget er tørt

med stille lukt av frakkar. Det er mørkt

og orda påkledd no. Men du er gått.

 

Eg er åleine. Famlar etter språk

og finn ein brytar. Glødelampa skin

på gamal staffpanel, ei kvern, ei skåk

 

slik månelys gjer snøvatn til vin.

Eg er på isen. Knakande, ei råk

der heilagdomen rivnar til eit grin.

 

Øyvind Rangøy