Tord Gustavsen lagar musikk til Vinjes "Ferdaminne"
Foto: Foto:Carlo Maradei

Tord Gustavsen lagar musikk til Vinjes "Ferdaminne"

Pianisten og komponisten Tord Gustavsen skal lage ny musikk til tekstar frå «Ferdaminne» av Aasmund Olavsson Vinje. Verket blir framført under Ulvik poesifestival.

Det er ei stor og viktig kunstnarleg oppgåve Tord Gustavsen har teke på seg når han skal tolke og skape ny musikk av Vinjes «Ferdaminne». Han får hjelp frå skodespelar Cecilie Jørstad, og faste makkerar Tore Brunborg på saksofon og Jarle Vespestad på trommer.

Gustavsen og ensembelet skal i all hovudsak gå i dialog med kapittelet «Huldra» i «Ferdaminne».

– Det er nydeleg fortalt, seier Gustavsen sjølv. Poetisk – med både sårheit og humor, der dei store naturopplevingane blir løfta til møte mellom draumar og røynd. Eit verk som inviterer meg til å opne augneblinkar i tekstane for publikum, kjem det frå Gustavsen.

«Ferdaminni frå Sumaren 1860» var det første store verket på nynorsk, utgitt av Aasmund Olavsson Vinje i to hefte i avisa Dølen i februar og juli 1861. Dølen var høveleg nok også den første nynorske avisa. Det mest kjende frå Ferdaminne er nok det folkekjære diktet «No ser eg atter slike Fjell og Dalar». Dette diktet vil vi også møte igjen i Tord Gustavsen sitt tingingsverk, som blir støtta av Norsk kulturråd.

Tord Gustavsen med ensemblet står på scena laurdag 8. september kl 17.30 i Brakanes kurs- og konferansesenter. Billettar finn du her