Rockepoeten Tom Roger Aadland til Ulvik
Foto: Foto: Geir Dokken

Rockepoeten Tom Roger Aadland til Ulvik

Tom Roger Aadland er for tida aktuell med sitt sjuande album «Songfugl» . I september kjem han til poesifestivalen innerst i Hardanger.

Tom Roger Aadland er omtala som ein tekstforfattar av stort format. Dei som har opplevd han frå scenekanten veit også at han er ein strålande formidlar, vokalist og gitarist. Sidan debuten i 2007 har låtskrivaren frå Haugesund gitt ut heile sju album. I 2016 gav han ut det kritikarroste albumet «Blondt i blondt», Bob Dylan sitt meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta på nynorsk. Eit samla kritikarkor hylla Aadland sine uredde tolkingar av Dylan sine klassiske låtar.

Laurdag 8. september kl 23.00 kan du oppleve Tom Roger Aadland i festivalen si storstove, Elvatun.Billettar finn du her