Poesifestivalen er i gang

Fredag 7. september kl. 0900 var Ulvik poesifestival i gang. Elevar frå Brakanes skule las eigne dikt, inspirerte av dikta til Olav H. Hauge.

Azmi Younes, Lina Sævartveit, Isak Hjeltnes, Kari Aarekol og Olai Hakestad syntest det var kjekt å lese dikta sine framfor eit stort publikum på Almenningen i Ulvik fredag morgon. 

I samband med Poesifestivalen i år har over 200 elevar i 7.–9. klasse i Hardanger og på Voss vore med på skriveverkstaden "Olav H. og eg", og fått prøve seg på å skrive dikt. Utgangspunktet var at alle fekk åtte utvalde dikt av Olav H. Hauge. Dikta skulle inspirere til å skriva sjølv, og det har elevane gjort svært bra.

– Eg er sikker på at Hauge sjølv ville vore glad over å høyre desse flotte dikta, og stolt over at ungdommar i dag framleis er interessert i dikta hans, sa dagleg leiar Geir Netland ved Hauge-senteret under arrangementet.

Mange av dikta er stilte ut i festivalkroa på Elvatun i Ulvik. 

Poesifestivalen er i gang
Poesifestivalen er i gang

Poesifestivalen er i gang
Poesifestivalen er i gang

Poesifestivalen er i gang