Når poetane får velje
Foto: Finn Ståle Felberg, Dmitri Kotjuh, Privat foto

Når poetane får velje

Kven blant dei yngre, ferske poetiske røystene les dei etablerte poetane med særskild merksemd? Når Tone Hødnebø, Knut Ødegård og Cecilie Løveid vart spurt om å invitere kvar sin poet til årets festival, fall valet på Julianne Rui, Øyvind Rangøy og Bendik Vada.

 –Ulvik poesifestival har segla inn på ein ny våg når dei let tre store lyrikarar velje kvar si yngre røyst til årets festivalprogram. Det har vore spennande å sjå kven poetane vel seg ut, og kven kan vel gjere eit betre val i poesien sin mangfaldige undergrunn enn veteranane sjølve, spør festivalprodusent Jorid Lekve Eide

I lyriske omgjevnader på Syse Gard får festivalpublikummet høyre entusiastiske grunngjevingar frå dei etablerte, og opplesingar frå dei unge, lovande.

Juliane Rui (f.1982) debuterte med Den hesten er av snø i 2011, året etter fylde ho opp med Systrer kan bli like gamle. I den tredje diktsamlinga hennar, Aude så rørsle kan synast møter vi tilsynelatande enkle dikt som observerer dei små og nære tinga, men samanhengane mellom dei utvidar biletet til å gjelde eksistensen til både menneske og dyr. Det blir mana fram ei erkjenning av ein skjebnefellesskap på kloden.

Øyvind Rangøy (f.1979) er kåra til månadens poet av Dagbladet, og pålitelege kjelder hevder at dette er ein poet det kjem til å kome store ting frå – alt dette før han har gjeve ut si første bok. Skrivinga til Rangøy har eit stort spenn – frå aforismar og språkleik til eksistensiell undring.

Bendik Vada (f.1996) fekk Vesaas-nominasjon i 2017 for brakdebuten Vak. I denne diktsamlinga møter vi eit kjærestepar som bur i skogen. Dei høyrer ikkje heime hjå kvarandre lenger. Her er slett inga skogens ro. Vada skriv om noko ganske sjeldant i norsk poesi: om den motvillige mannen, om ein velta maskulinitet. Om det sårbare. Vak kan lesast som ei vandring, ein rytmisk song, ein mogleg sirkel. Dikta er skrive på trønderdialekt.

Poetane som har fått sjansen til å invitere er tre markante stemmer innanfor norsk poesi: 

Knut Ødegård (f.1945) debuterte i 1967 med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda. Han har gitt ut over 40 utgivingar og er sjølv ein av dei mest omsette poetane vi har i Noreg.

Tone Hødnebø (f. 1962) debuterte med diktsamlinga Larm i 1989, og har gitt ut seks diktsamlingar. I 2018 vart Hødnebø tildelt Gyldendalprisen og Triztan Vindtorns poesipris for 2018.

Cecilie Løveid (f.1951) har sidan seint 90-tal markert seg som ein av våre mest nyskapande lyrikar. For si nyaste samling Vandreutstillingar vann ho både Brageprisen og Kritikerprisen for 2017.

Arrangementet Når poetane får velje finn stad på Syse Gard laurdag 8. september som ein programpost under Ulvik poesifestival (7.-9. september). Festivalen går av stabelen i Olav H. Hauge si heimbygd og presenterer lyrikk i mange former. Diktframføring, forfattarmøter, foredrag, seminar og eit variert konsertprogram inngår i Poesifestivalen som i år vert arrangert for tiande gong. Heile programmet til Ulvik poesifestival vert slept medio juni.