Lyrisk tjuvstart

Lyrisk tjuvstart

Vi tjuvstartar årets festival og inviterer til poesikonsert med Ruth Lillegraven og Rannveig Djønne.

Ruth Lillegraven les utvalde dikt frå sin rike katalog. Publikum får høyre dikt frå mellom anna Urd, Sigd, Eg er eg er eg er, men òg frå den heilt ferske diktsamlinga for born Skogen den grøne - som har lanseringsfest her på Poesifestivalen laurdag 8. september. Musikar Rannveig Djønne løftar dikta med framifrå spel på toradar. På repertoaret står eigenkomponerte låtar og vakre folketonar frå Hardanger.

I samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad.

 

Lyrisk tjuvstart 

Poesikonsert med Ruth Lillegraven og Rannveig Djønne

Torsdag 6. september kl 13.00

Den grøne kafè

Kr 150 / fri (for pensjonistar)

Kjøp billett her