Lyrikar Tone Hødnebø til Ulvik i september!
Foto: Rolf M. Aagaard

Lyrikar Tone Hødnebø til Ulvik i september!

Vi er særs glad for å kunne melde at Tone Hødnebø er ein av dei inviterte poetane som skal fylle det litterære programmet under Ulvik poesifestival!

Lyrikar Tone Hødnebø (f. 1962) debuterte med diktsamlinga Larm i 1989, og har gitt ut seks diktsamlingar. Ho har gjendikta eit utval av Emily Dickinsons dikt, Skitne lille hjerte (1995) og den kanadiske poeten Anne Carsons diktsamling Glass, ironi og Gud (2014). I åra 1990-1997 var Hødnebø medredaktør i litteraturtidsskriftet Vagant.

Hødnebø sitt forfattarskap har blitt heidra med ei rekkje prisar som Sultprisen og Doblougprisen. I februar i år vart ho tildelt Gyldendalprisen. No er det også klart at Hødnebø mottek Triztan Vindtorns poesipris for 2018. Vindtornprisen er Noregs største poesipris og vart delt ut under Vindtornfestivalen i Drammen, torsdag 12. april.

Vi gratulerer Tone Hødnebø med denne gjeve utmerkinga, og ser fram til å møte Hødnebø på ulike arenaer under årets festival.