Knut Ødegård kjem til Ulvik poesifestival
Foto: Anna Julia Granberg / Blunderbuss / Cappelen

Knut Ødegård kjem til Ulvik poesifestival

Knut Ødegård er i sitt femtiande år som poet og er høgst aktuell og relevant med si nyaste diktsamling "Tida er inne". Endeleg kjem han også til Ulvik!

Diktsamlinga Tida er inne viser ein diktar med djerv biletbruk og som ikkje er redd for å gå rett inn på dagens politiske scene. Det er sagt om lyrikaren Ødegård at han gjerne oppsøkjer dei mørke krokane i samfunnet og menneskesinnet for å løfta fram dei mest sårbare og minst synlege blant oss.

Knut Ødegård (f.1945) debuterte i 1967 med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda.

Han har sidan den gong gitt ut over 40 utgivingar og har omsett og gjendikta frå ei rekkje språk. Poeten frå Molde er sjølv ein av dei mest omsette poetane vi har i Noreg og dikta hans er gitt ut på 29 språk. I 2013–16 kom firebandsverket Edda-dikt, der Ødegård har gjendikta til nynorsk, og kommentert alle edda-dikta. 

Publikum kjem til å møte Ødegård i fleire programpostar under årets festival, og vi kan love at det vert eit særs fint møte!