Herborg opna Ulvik poesifestival
Herborg Kråkevik opnar Ulvik poesifestival 2018.Foto: Harald G. Johnsen

Herborg opna Ulvik poesifestival

– Tenk på at kunstnarar verda rundt strevar med penn og papir for at me skal finna trøyst, mot og håp- og meining, sa Herborg Kråkevik då ho opna Ulvik poesifestival på Elvatun fredag ettermiddag.

– Poesien er så grunnleggjande for meg, så livsnødvendig – det einaste som trøystar når eg treng det. Eg er så takksam for at det finst nokon som brukar heile den vakne tida si på å formidla poesi og litteratur og kunst til oss.

Under festivalopninga delte jurymedlem Stein Erik Lunde ut Olav H. Hauge-stipendet til Erlend O. Nødtvedt. Den unge poeten frå Bergen får stipendet for å ha fornya det lyriske språket samstundes som han løftar fram fleire litterære uttrykk og tradisjonar.

Det nyoppretta Olav H. Hauge-stipendet er på 150 000 kroner og er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad. Nynorsk kultursentrum og Hauge-senteret har etablert stipendet i samband med at Ulvik poesifestival blir arrangert for 10. gong i 2018. Stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent.

Publikum fekk møte fem svært ulike poetar. Mona Høvring, Cecilie Løveid og Bendik Vada har alle bidrege med nyskrivne dikt til årets festivaltema ordskifte, og dei og las frå scena saman med den finlandssvenske poeten Catharina Gripenberg og stipendvinnar Nødtvedt.