Ferdaminne

Ferdaminne

Tord Gustavsen ensemble tek publikum med på ei musikalsk og poetisk reise gjennom tingingverket Ferdaminne.

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd, og det er Vinjes mangfaldige og rike reiseskildringar som har gitt inspirasjon til tingingsverket Ferdaminne. Tord Gustavsen framfører tingingsverket til Vinje-jubileet under Ulvik poesifestival.

Gustavsen er ein av Noregs mest kjende jazzmusikarar, og han tek med seg ein konsert basert på kapittelet «Huldra» i Ferdaminne til Ulvik.

– Vi nyttar òg nokre av dei dikta som reisekaren bryt ut i andre stader i boka, fortel Tord Gustavsen.

– Musikk og resitasjon får verke intimt saman. Vi går inn i den poetiske styrken til verket, vi kjenner på hovudpersonen si sjølvkjensle og korleis han tviler på seg sjølv, og vi etablerer konteksten – sjølve reiseforteljinga.

Skodespelar Cecilie Jørstad les eller fortel. I bandet er Tore Brunborg på saksofon, Sigurd Hole på kontrabass, Jarle Vespestad på trommer og Rune Børø på lyddesign.

– Alle er folk eg har arbeidd saman med i ensemblet mitt og i ulike konstellasjonar før, og det er verkeleg stimulerande å setje det kjende saman på ein ny måte og med eit heilt eige fokus, seier Gustavsen, som hadde ei paradoksal oppleving med boka før han takka ja til å gjere tingingsverket.

– Teksten tala først ikkje til hjartet mitt eller musikaliteten min, berre til forstanden. Det opna seg gradvis, og etter kvart vart eg ein stor fan. Kapittelet «Huldra» er verkeleg lysande. Alle bør unne seg å lese det aller mest kjende diktet i boka, «No ser eg atter slike fjell og dalar», på nytt. Det er ein tekst med mange fleire lag og større djupner enn eg først trudde, avsluttar Gustavsen.

 

Tingingsverket er støtta av Kulturrådet.


Ferdaminne

Tord Gustavsen enemblet

Laurdag 8. september

Kl. 17.30

Kongressenteret

Kr 400 / 350 (student)

 

Kjøp billett