Førpremiere på Les for livet
Les for livetFoto: Laila Walseth Lid

Førpremiere på Les for livet

Elevar frå Granvin og Ulvik var dei aller første elevane i landet som fekk sjå den nye framsyninga Les for livet på Brakanes skule fredag 7. september.

Det var både stilt i salen, knising i radene og engasjerte elevar då skodespelarane Kim Helge Strømmen og Siri Beate Fossum manøvrerer seg gjennom kjensler som sorg, forelsking og panikk, i forsøket på å løyse oppdraget som vil sende dei tilbake til eit liv på jorda.  

Dei to er framtidsmenneske fanga i romsonden Littera, og no kan berre litteraturen redde dei!

Førpremiere på Les for livet
Les for livet
For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen. Men før dei får lov til å vende tilbake må dei løyse eit livsviktig oppdrag! Samstundes med at menneska mista heimen sin på jorda, mista dei kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit endå ikkje kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt, og svara er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!

I Les for livet! får elevane vere med på ei intenst spennande ferd tilbake til jorda. På vegen dukkar vi inn i sju utvalde barne- og ungdomsbøker skrive på nynorsk, her finn vi mellom anna utdrag frå Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland, Keeperen og havet av Maria Parr, og dikt frå Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven. 

Les for livet! er ei framsyning for Den kulturelle skulesekken for 5. til 7. trinn, produsert av Nynorsk kultursentrum. Lars Mæhle har skrive manus, og produksjonen skal på Noregsturné etter premieren i Ulvik.

Regissør er Morten Joachim. Han er teaterinstruktør, dramatikar, musikar og skodespelar, og har skrive og regissert over 30 framsyningar. Fleire av desse er for born, og tre av barneframsyningane har blitt nominert til Heddaprisen. Han har skrive og regissert teater for mange av dei store scenene i landet. Morten Joachim er teatersjef ved Haugesund Teater.

Førpremiere på Les for livet
Les for livet