Dansk stjerneskot til Ulvik poesifestival
Foto: Albert Madsen

Dansk stjerneskot til Ulvik poesifestival

Sjeldan har vi høyrt ei slik sanseleg stemme med politisk slagkraft som den hjå Asta Olivia Nordenhof.

Med samlinga det nemme og det ensomme gir Nordenhof ei stemme til dei i samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde, og synleggjer maktstrukturar og handlingar i eit samfunn det er risikabelt å hamne utanfor. Nordenhof er kjend for å skrive sterkt sjølvbiografisk. Ho skildrar episodar i no- og fortid på ein direkte og nokre gongar brutal måte. Dikta til Nordenhof syner fram levd liv i komprimert form, og talar klart og insisterande til mange av oss. Poeten frå Danmark skriv med ein gjennomført tone som vekslar mellom glede, desperasjon, ømheit, humor, råskap og indignasjon.

Det enkle og det einsame kom ut på Det Norske Samlaget i 2017, då gjendikta til nynorsk av lyrikaren Anna Kleiva. Saman med Nordenhof vart også tre andre unge danske poetar gitt ut på Samlaget, i nynorsk språkdrakt. Med denne satsinga ynskte Samlaget å opne dei litterære grensene mellom nabolanda og gi norske lyrikklesarar ein inngang til å sjølve utforske den danske poesien.

Asta Olivia Nordenhof (f. 1988) debuterte med romanen Et ansigt til Emily (2011). Den andre boka hennar, det nemme og det ensomme, kom i 2013. For denne blei ho tildelt den prestisjefylte danske Montanas Litteraturpris. I dag er Nordenhof lærar ved Forfatterskolen i København.

Under Ulvik poesifestival kan publikum møte Nordenhof i programpostane Lesing ut frå tema og Poeten i si samtid søndag 9. september.