Cecilie Løveid, Ole Paus og Herborg Kråkevik til Ulvik poesifestival
Foto: Helge Skodvin

Cecilie Løveid, Ole Paus og Herborg Kråkevik til Ulvik poesifestival

Brageprisvinnar Cecilie Løveid gjestar Ulvik poesifestival som i år har tema «Ordskifte». To store songpoetar er også klare for festivalen i september. Ole Paus kjem med viser frå heile sitt rikhaldige repertoar, medan Herborg Kråkevik skal synge frå den norske songskatten og samtale med den folkekjære diktaren Kolbein Falkeid.

Herborg Kråkevik har for tida suksess som Kristin Lavrandsdatter på Den Nationale Scene i Bergen. Kråkevik er ein allsidig scenekunstnar og songar med hjarte for norsk lyrikk. Kråkevik har gjennom fleire plateutgjevingar formidla og fornya viktige delar av den folkelege norske kulturarven. Som ein del av festivalkonserten i Ulvik inngår fleire songar med tekst av Kolbein Falkeid, og Falkeid vil sjølv vera til stades for å lese og samtale om si eiga dikting.

Ole Paus har vore ein markant visesongar i ein heil mannsalder med treffande, provoserande og satiriske tekstar. Mest kjent er han kanskje likevel for ei rekkje vakre og poetiske songar slik som Innerst i sjelen og Vårt lille land. Songar som allereie er ein del av den norske folkesjela. Songlyrikken skal ha ein sentral plass i Poesifestivalen sitt program , og festivalen er svært glad for å presentere ein musikar som òg er blant våre fremste tekstformidlarar. 

Lyrikar Cecilie Løveid vann nyleg Brageprisen for diktsamlinga «Vandreutstillinger» som ho også er nominert til Kritikerprisen for. Med sitt særprega og sjangeroverskridande språk har Løveid vore ein viktig og nyskapande lyrikar sidan tidleg 1970-tal. Løveid skriv ofte ein blanding av prosa og lyriske tekstar, og ho har hatt stor suksess som dramatikar. I sine siste diktsamlingar har Løveid vist eit sterkt samfunnsengasjement, medan kvinneperspektivet står sentralt gjennom heile forfattarskapen.

Festivaltemaet i år er «Ordskifte». Kva rolle, plass og funksjon har poesien i den offentlege samtalen, og kan poesien bidra til dialog og ettertanke i ei tid der ordskifte har blitt meir tilspissa og splittande? – Cecilie Løveid er ein lyrikar som utforskar det poetiske språket og som gjennom diktinga si minner oss på kva det vil seie å vere menneske. Løveid har difor ein sjølvskriven plass under årets Poesifestival.