Avslutningskonsert i Ulvik kyrkje
Foto: Geir S. Netland

Avslutningskonsert i Ulvik kyrkje

Tidekverv heldt årets avslutningskonsert i Ulvik kyrkje søndag. Det vart eit vakkert og verdig punktum for årets festival

Benedicte Maurseth, Berit Opheim, Rolf Lislevand og Håkon Stene gav publikum ei konsertoppleving av dei sjeldne søndag ettermiddag. 

 

HAUST

 

Eg har lagt ned sylte og eg har koka kraft

- Primstaven syner Mikaels  lur

i glaset flyt eit minne om sommaren si kraft

- ljos og mørker einast som brugdom og brur - 

 

Eg har smilt mot sola som har sendt meg vitamin 

no kjenner eg på kroppen at ho spelar med sordin

 

Det kjennest som eg sit her som oppå ein ruin

men eg har mat i skåpet og ljos frå stearin

 

Utdrag frå Haust av Erlend O. Nødvedt