Ulvik poesifestival

@Ådne Dyrnesli

Opplev lyrikk og musikk på Poesifestivalen 2021 

Ulvik poesifestival går av stabelen 3.-5. september 2021 i heimbygda til den store diktaren Olav H. Hauge. Festivalen blir arrangert for 11. gong, og har etablert seg som ein av dei leiande poesifestivalane her til lands. Gjestetala dei siste åra er på om lag 4 500, og festivalen nyttar fleire ulike arenaer i den vakre fruktbygda Ulvik inst i Hardangerfjorden. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar kjem også kjende og kjære songlyrikarar til festivalen i september.   

Tema for årets festival er Naturtap. I Olav H. Hauge sin poesi finn ein mange dikt som handlar om forholdet vårt til natur, og festivaltema spring ut frå eit dikt Hauge gav ut i 1980, Me trudde verdi her er til for oss

Vi har sett tap av natur, og ikkje klimakrise, som tema for årets festival. Temaa høyrer likevel saman. Ein kan tale om denne krisa på mange vis, og ein inngang til den kan vera temaet som kretsar rundt tap av natur. Tap av mangfald, tap av artar, tap av eit landskap, slik vi kjenner det. Korleis kjenner vi menneska på dette? Er det slik at naturen i dag er så abstrakt for dei fleste av oss at vi har vanskeleg for å ta innover oss kva det er som går tapt?

Mange av dagens poetar tek for seg ulike aspekt rundt klimaendringane i diktinga si. Kan poesien i så måte vere ein inngang, eit hjelpemiddel som kan få oss til lettare å forstå og kjenne på kva det er som er i ferd med å gå tapt? Kan poesien vekkje oss? Få oss til å bli opprørte, triste, sinte, engasjerte? Få oss til å kjenne på det som brenn? Kan poesien gjere det heile meir handgripeleg for oss?

Gjennom Hauge si dikting, og i møte med aktuelle samtidspoetar og artistar, håpar vi at årets festivaltema kan gi ettertanke rundt naturen sin eigenverdi og kva som kan gå tapt. 

Casper Andrè Lugg og Mette Moestrup (D) klare for Poesifestivalen
Casper Andrè Lugg og danske Mette Moestrup er to aktuelle poetar som skriv om desse store spørsmåla i vår tid.

Tap av natur er sjølve grunnmotivet i skrivinga til poeten Casper Andrè Lugg (f. 1985). I Lugg si sjette diktsamling Mariabiotopene (2020) er det naturen, det vegetative, biotopen som er sjølve lerretet, eller inspirasjonskrafta bak dikta. Lugg skriv poesi med utgangspunkt i ei naturkjensle, og den er akutt, prega av det sårbare og umistelege ved naturformene. I Lugg sine dikt får vi kjenne på sorga som ligg i naturen sitt tap av balanse og mangfald. Lugg er ei ung, men markant og etablert stemme i den norske samtidspoesien, og hans poetiske tematikk har ein naturleg plass i årets festivalprogram. 

Danske Mette Moestrup (f. 1969) debuterte i 1998 med samlinga Tatoveringer og i 2019 kom den sjette diktsamlinga Til den smukkeste : 117 digte. Moestrup er ein av våre fremste nordiske samtidspoetar og samfunnsdebattantar. Moestrup er kjend for sin nyskapande poesi, og for sin performative opplesingsstil. Moestrup har vunne ei rekkje prisar for sin forfattarskap. Moestrup er skrivelærar ved skrivekunstakademi i Bergen, Gøteborg og København, og er redaksjonsmedlem i Forfatternes klimaaksjon.

Songlyrisk pop og rock på poesien
Dei populære artistane Kari Bremnes og Erlend Ropstad gjestar også Poesifestivalen 2021. Songlyrikken skal ha ein sentral plass i programmet, og festivalen er glade for ønske Bremnes og Ropstad velkomen til Ulvik.

Kari Bremnes har gjennom 30 år etablert seg som ein av landets fremste songlyrikar. Tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og livsbeskrivande tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning. Det er fyrste gong Bremnes gjestar Ulvik og Poesifestivalen.

Insisterande, melodiøs og vilt feit rock på morsmålet er ord brukt for å skildre Erlend Ropstad sitt musikalske univers. Sørlendingen slo for alvor igjennom i 2017 med plata Alt som har hendt. Ropstad mottok Prøysenprisen i 2019, og hans nyaste plate Brenn siste brevet frå 2019 er nominert til Spellemannsprisen i kategorien rock. 

Heile festivalprogrammet vert lansert i juni. 

Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.

Tilskotsgivarar
Ulvik herad 
Hordaland fylkeskommune
Sparebanken Vest
Fritt Ord
Kulturrådet
Kulturdepartementet 

Samarbeidspartnarar
Brakanes hotell
Det Norske Samlaget
Frukt- og siderruta
Norsk Forfattarsentrum
Norsk kulturråd
Slow Food Hardanger
Ulvik herad
Venelaget Olav H. Hauge
Voss Lyd