Tett mellom høgdepunkta på Poesifestivalen

Eit begeistra publikum kunne gå frå høgdepunkt til høgdepunkt under Poesifestivalen 2021. – Me har fått utruleg gode og hyggelege tilbakemeldingar frå både publikum og utøvarar, og er veldig nøgde med festivalen innanfor dei rammene me har hatt for arrangementet i år, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret.

Anna Kleiva og Mette Moestrup på Lekve Gard. Foto: Arturas Gailius/Haugesenteret

Den danske lyrikaren Mette Moestrup vekte publikum med ei levande aktualisering av Olav H. Hauge sine dikt i eit miljøperspektiv. Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth trio begeistra publikum med eit nyskapande og dristig tingingsverk. Festivalpublikummet fekk også ei rocka konsertoppleving med den kritikarroste låtskrivaren Erlend Ropstad.

Nytt av året var fleire programpostar med langlesing av Hauge. Poetane Ruth Lillegraven, Øyvind Rimbereid og Anna Kleiva las kvar si diktsamling.

– Me må nok langt attende i festivalhistoria for å finne eit år der publikum har høyrt meir Hauge-lyrikk. Lesinga til Anna Kleiva i vevstova til Hauge på Rossvoll var ei sjeldan fin oppleving, og etter applausen å dømme er dette noko me må gjere fleire gonger, seier programansvarleg Jorid Lekve Eide.

Poetisk natur

– Naturen i dikta til Hauge kjem nærare når ein kjem til Ulvik. Her kjem du til ein stad på jorda som nesten står litt stille. Ein kjem tilbake til naturen, og ein kjem nært det universet som Hauge skreiv om. Ein pustar i Hauge sitt univers, sa poeten Endre Ruset i årets Haugesamtale.

I samtale med Kari Hesthamar delte Kari Bremnes tankar om korleis tekstane hennar blir til, ofte som eit resultat av møte med menneske. – Når eg skriv må eg kjenne at det treffer ein nerve. Då toler eg av og til at det ikkje blir så formfullenda, om det må til for å behalde nerven, fortalde ho. Bremnes heldt også ein hjartevarm konsert under besøket i Ulvik.

– Ubeskriveleg vakkert og fint, slik berre Kari Bremnes kan gjere det, var ei av mange gode tilbakemeldingar frå salen.

Rom for ettertanke

– Eg likar godt den gode roa som er i Ulvik under Poesifestivalen, sa ein av gjestene under festivalhelga. – For oss er det viktig at festivalen gir rom for litterære samtalar, diktopplevingar og ettertanke både for publikum og utøvarar, seier Netland.

Poesifestivalen hadde 1 962 besøkande fordelt på 27 ulike arrangement. I år var publikumskapasiteten betydeleg redusert grunna smittevern. I tillegg til konsertar og litterære arrangement arrangerte festivalen skriveverkstad for skuleelevar i regionen.

– Det er viktig å inspirere nye generasjonar til å bli interesserte og glade i dikting og poesi, formålet med skriveverkstaden er å syne elevane at dei kan skrive eigne dikt, seier Netland.

Om Poesifestivalen

Poesifestivalen vert arrangert i heimbygda til Olav H. Hauge, Ulvik i Hardanger, annan kvart år. Festivalen i 2020 blei flytta til 2021 og neste festival vert arrangert allereie neste år, 9.-11. september 2022.

Det er Nynorsk kultursentrum ved Haugesenteret som står som arrangør, og Olav H. Hauge- stipendet for unge diktarar på 150 000 kroner vert delt ut under festivalen. I år var det songaren og låtskrivaren Endre Olsen frå Stord som fekk stipendet.

– Eg kan ikkje kome på ei større æra enn å få ein pris i Hauge sitt namn, sa stipendvinnaren.

Venelaget Olav H. Hauge delte ut Amboltprisen 2021 til Katherine J. Hanson under festivalen.

Den første poesifestivalen gjekk av stabelen i år 2000.

For meir informasjon:
Arenaleiar Haugesenteret; Geir S. Netland, tlf. 90 03 82 86, geir.netland@nynorsk.no Kommunikasjonsrådgivar Nynorsk kultursentrum; Benedikte Flataker, tlf. 91 18 90 58, benedikte.flataker@nynorsk.no