Kari Bremnes og Erlend Ropstad til poesifestivalen

Kari Bremnes. Foto: Stian Andersen

Dei populære artistane Kari Bremnes og Erlend Ropstad gjestar Ulvik poesifestival 11.–13. september. Dit kjem også poetane Casper Andrè Lugg og danske Mette Moestrup. 

Ulvik poesifestival i Olav H. Hauge si heimbygd presenterer lyrikk i mange former. Det fullstendige programmet vert sleppt i midten av juni.  – Songlyrikken skal ha ein sentral plass i poesifestivalen sitt program, og vi er glade for å ønske Bremnes og Ropstad velkomne til Ulvik, seier dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret Geir S. Netland.

Songlyrisk pop og rock
Kari Bremnes har gjennom 30 år etablert seg som ein av landets fremste songlyrikarar.  Tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og gripande tekstunivers. Det er fyrste gong ho gjestar poesifestivalen.

Musikken til Erlend Ropstad har blitt skildra som insisterande, melodiøs og vilt feit rock på morsmålet. Sidan han for alvor slo gjennom har han motteke Prøysenprisen og blitt nominert til Spellemannprisen.

Poesi om naturtap
I Olav H. Hauge sin poesi finn ein mange dikt som handlar om forholdet vårt til natur, og tittelen på festivalen er henta frå eit dikt Hauge gav ut i 1980, «Me trudde verdi her er til for oss». Fleire inviterte norske og nordiske forfattarar nyttar ulike poetiske tilnærmingar til dei store spørsmåla om naturtap i vår tid.

Tap av natur er også eit grunnmotiv i skrivinga til poeten Casper Andrè Lugg.  – Lugg har ei ung, markant og etablert stemme i den norske samtidspoesien. Tematikken han brukar i sin poesi har ein naturleg plass i årets festivalprogram, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide.

Danske Mette Moestrup er redaksjonsmedlem i Forfatternes klimaaksjon. Moestrup er ein av dei fremste nordiske samtidspoetane og kjend for sin nyskapande poesi.

– Gjennom Olav H. Hauge si dikting, og i møte med aktuelle samtidspoetar, håpar vi at årets festivaltema minner oss på naturen sin eigenverdi, avsluttar dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Mette Moestrup. Foto: Laerke Posselt
Casper Andrè Lugg. Foto: Privat
Erlend Ropstad. Foto: Polar Artist

Fakta om poesifestivalen:

  • Ulvik poesifestival finn stad annakvart år den andre helga i september
  • Nynorsk kultursentrum er arrangør
  • Poesifestivalen 2018: 4 727 gjester, 37 arrangement, 12 arenaer, 111 utøvarar,  65 frivillige
  • Samarbeidspartnarar: Ulvik herad, Sparebanken Vest, Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga Hardanger, Fritt Ord.