Praktisk informasjon

Opningstider

Olav H. Hauge-senteret har eigne opningstider under Poesifestivalen. 

Her finn du oss

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km

Parkering

Under festivaldagane finn du fleire parkeringsplassar i Ulvik sentrum. Plassane er merka med skilt for parkering.

Elvatun ungdomshus

For arrangement i Elvatun er det parkeringsplass utanfor ungdomshuset. Ved dei store arrangementa er her eigne parkeringsvakter som losar deg trygt på plass. 

Kongressen (BKKS) 

For arrangement i Kongressen (BKKS) er det parkering på Allmenningen ved Ulvik kyrkje. Det er også parkering ved Tyssobrua, på parkeringa ved Brakanes skule og ved  Sentrumsbygget / Tenestetorget. Alle desse er merka med skilt. 

Transport

Tog & Buss

Nsb har daglege avgangar frå Oslo til Voss. Det same gjeld tog frå Bergen til Voss. Lokalbuss frå Voss til Ulvik. Ein times reisetid. Festivalen oppmodar alle sine utøvarar og gjester om å reise grønt og miljøvenleg, så sant det er mogeleg. 

Vy (tog)

Skyss  (buss) 

Med bil

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.

Fly

Rutefly fleire gonger dagleg til Flesland flyplass i Bergen. Herifrå er det drygt to timars reisetid med tog og buss til Ulvik.

Norwegian

SAS 

Hotell og overnatting

Ulvik har fleire overnattingsstader å by på, anten du vil bu på hotell, i hytte eller camping. Ulvik har også ei eiga tretopphytte og fleire Airbnb i naturskjønne omgjevnader. 

 

Ta gjerne kontakt med Turistinformasjonen  i Ulvik for meir informasjon.