Øyvind Rimbereid og Erlend Apneseth Trio til Poesifestivalen

Poesifestivalen går av stabelen 3.–5. september i Olav H. Hauges heimbygd Ulvik. Naturtap er årets festivaltema, og publikum kan mellom anna oppleve lyrikarane Øyvind Rimbereid og Mette Moestrup.

– Mette Moestrup frå Danmark er ein av dei fremste nordiske samtidspoetane. Ho er kjend for nyskapande poesi og ein performativ opplesingsstil. Dette bør publikum få med seg, seier programansvarleg Jorid Lekve Eide.

I årets Hauge-samtale får publikum møte mellom anna den prislønte forfattaren Øyvind Rimbereid – ei markant og særeiga stemme i norsk lyrikk. Han er den einaste lyrikaren som har fått Kritikarprisen to gonger.

Tingingsverk og ørkenblues
Poeten Erlend O. Nødtvedt var den fyrste vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet i 2018. I år vitjar han Poesifestivalen med eit tingingsverk i skjeringspunktet mellom lyrikk og musikk. Med seg på scena har han Erlend Apneseth Trio, som foreinar lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika på særeige vis.

Folkemusikkduoen Sudan Dudan tek òg turen til Ulvik. Dei lagar låtar med rot i norsk slåttemusikk og hentar inspirasjon frå amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues.

Kari Bremnes og Erlend Ropstad
På konsertprogrammet står òg dei populære artistane Kari Bremnes og Erlend Ropstad, og Sandra Kolstad skal framføre tonesette dikt av Jon Fosse. I hagen på Rossvoll inviterer Venelaget Hauge til konserten Uppskoke med mellom anna Knut Hamre og Arnhild Litleré.

– Songlyrikken skal ha ein sentral plass under Poesifestivalen, og me er stolte av å kunne by på eit breitt samansett program, seier arenaleiar Geir S. Netland ved Haugesenteret.

Naturtap
I Olav H. Hauges poesi finn ein mange dikt som handlar om forholdet vårt til natur, og festivaltemaet Naturtap spring ut frå Hauge-diktet «Me trudde verdi her er til for oss» (1980). Naturtap som poetisk tematikk finn vi hos fleire av lyrikarane på programmet, til dømes Casper André Lugg, Kristin Berget og Hilde Myklebust.

– Gjennom Hauges dikting, og i møte med aktuelle samtidspoetar og artistar, håpar vi at årets festivaltema kan skape refleksjon kring naturen sin eigenverdi og kva som kan gå tapt, seier programansvarleg Jorid Lekve Eide.

Du kan kjøpe billettar til arrangementa her. På grunn av smittevern blir antalet billettar avgrensa, så her er det førstemann til mølla.