Poesifestivalen

Poesifestivalen banner

Opplev lyrikk og musikk på Poesifestivalen 2021 

Poesifestivalen går av stabelen 3.-5. september 2021 i heimbygda til den store diktaren Olav H. Hauge. Festivalen blir arrangert for 11. gong, og har etablert seg som ein av dei leiande poesifestivalane her til lands. Gjestetala dei siste åra er på om lag 4 500, og festivalen nyttar fleire ulike arenaer i den vakre fruktbygda Ulvik inst i Hardangerfjorden. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar kjem også kjende og kjære songlyrikarar til festivalen i september.   

Tema for årets festival er Naturtap. I Olav H. Hauge sin poesi finn ein mange dikt som handlar om forholdet vårt til natur, og festivaltema spring ut frå eit dikt Hauge gav ut i 1980, Me trudde verdi her er til for oss

Vi har sett tap av natur, og ikkje klimakrise, som tema for årets festival. Ein kan tale om denne krisa på mange vis, og ein inngang til den kan vera temaet som kretsar rundt tap av natur. Tap av mangfald, tap av artar, tap av eit landskap, slik vi kjenner det. Korleis kjenner vi menneska på dette? Er det slik at naturen i dag er så abstrakt for dei fleste av oss at vi har vanskeleg for å ta innover oss kva det er som går tapt?

Mange av dagens poetar tek for seg ulike aspekt rundt klimaendringane i diktinga si. Kan poesien i så måte vere ein inngang, eit hjelpemiddel som kan få oss til lettare å forstå og kjenne på kva det er som er i ferd med å gå tapt? Kan poesien vekkje oss? Få oss til å bli opprørte, triste, sinte, engasjerte? Få oss til å kjenne på det som brenn? Kan poesien gjere det heile meir handgripeleg for oss?

Gjennom Hauge si dikting, og i møte med aktuelle samtidspoetar og artistar, håpar vi at årets festivaltema kan gi ettertanke rundt naturen sin eigenverdi og kva som kan gå tapt.

Heile festivalprogrammet finn du her.

Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.

Tilskotsgivarar
Ulvik herad 
Hordaland fylkeskommune
Sparebanken Vest
Fritt Ord
Kulturrådet

Samarbeidspartnarar
Brakanes hotell
Det Norske Samlaget
Frukt- og siderruta
Norsk Forfattarsentrum
Norsk kulturråd
Slow Food Hardanger
Ulvik herad
Venelaget Olav H. Hauge
Voss Lyd