«Olav H. og eg»

I veka som leia fram til poesifestivalen fekk fire sjuandeklasser i Hardanger og Voss besøk av poet Endre Ruset med skriveverkstaden Olav H. og eg. Resultatet vart eit breitt utval dikt skrive av elevane. 

Arenaleiar Geir S. Netland saman med 7. klassingane Brynjar, Sipan og Martin.

– Det er viktig å inspirere nye generasjonar til å bli interesserte og glade i dikting og poesi, formålet med skriveverkstaden er å syne elevane at dei kan skrive eigne dikt, seier arenaleiar ved Haugesenteret, Geir S. Netland. 

Då dei tradisjonelle diktblomane blei lagt ned ved bautaen til Olav H. Hauge i starten av poesifestivalen 2021, var sjuande-klassingane ved Brakanes skule på plass med sine dikt. Brynjar, Sipan og Martin hadde teke på seg oppgåva å lese opp alle dikta framfor dei som hadde møtt fram.  

Etter diktlesinga slo dei tre ferske diktarane fast at det hadde vore både kjekt og lærerikt å delta på skriveverkstaden.  

– Det viktigaste, og mest overraskande eg har lært er at ein eigentleg kan skrive dikt om alt, seier Brynjar.  

– Ja, kven som helst kan skrive dikt, ein må berre nytte fantasien, supplerer Martin.  

Sipan vonar at dikting og poesi er noko dei kan bruke meir tid på i skulen.  

– Det er veldig kjekt å skrive dikt. Eg kjem nok ikkje til å skrive så mykje på fritida, men det er absolutt noko eg vil gjere meir av i norsktimane. Og kven veit, kanskje gir eg ut mi eiga diktbok ein gong?, seier han.  

Arenaleiar Netland fortel at skriveverkstaden tek utgangspunkt i korte og tilgjengelege dikt skrive av Olav H. Hauge, og at elevane får spinne vidare på desse. Klassene som er med på opplegget får alle  ein heil skuledag med Endre Ruset.  

– Dagen går til å lære om dikt, poesi og Hauge, og at elevane får prøve å skrive sjølve. Inntrykket er at elevane synest dette er ein veldig kjekk dag, og vi vonar å halde fram med dette opplegget i åra som kjem også, seier Netland.   

Endre Ruset utvikla opplegget «Olav H. og eg» saman med Joakim Kjørsvik i 2018.  

I galleriet nedanfor kan du trykke deg inn på, og lese dei ulike dikta som blei til under skriveverkstaden 2021.