Slik vil Nynorsk kultursentrum sikre norsk som samfunnsberande språk
Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrumFoto: Nynorsk kultursentrum

Slik vil Nynorsk kultursentrum sikre norsk som samfunnsberande språk

– Nynorsk kultursentrum meiner norsk, med skriftspråka bokmål og nynorsk, skal vere samfunnsberande, skriv styret i Nynorsk kultursentrum i sitt innspel til språkmeldinga.

Skriftkulturane bokmål og nynorsk er blant dei sterkaste skriftkulturane i verda. Skriftspråka blir brukte kvar dag i barnehagane, skuleverket, kulturlivet, sivilsamfunnet, den offentlege forvaltninga, rettsvesenet, media og næringslivet. Samstundes er norsk under press frå engelsk i vitskapen, underhaldningsindustrien og næringslivet. Det er derfor avgjerande at språkpolitikken ikkje er avgrensa til kulturpolitikken, men er eit avgjerande grunnlag for politiske val på mange samfunnsområde.

Utgangspunkta for språkbrukarane er ulike. Det må språkpolitikken spegle. Det er annleis å vere brukar av det dominerande skriftspråket, bokmål, enn å vere brukar av nynorsk, norsk teiknspråk, dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka. Utgangspunktet er også ulikt for ulike samfunnsområde, og i ulike geografiske område. Nynorsk kultursentrum ser behovet for ei prinsipielt overordna språklov, med konkrete målretta tiltak for enkeltområde, både geografisk og tematisk, i språkmeldinga.

Nynorsk kultursentrum ønskjer å peike på behovet for tiltak på seks ulike innsatsområde i språkmeldinga.

 

1. Språk i det digitale Noreg

Verkemidla i språkpolitikken er for det meste innretta for å styrkje eit fagområde, ein sjanger eller eit format. Med framvoksteren av nye digitale plattformar er det behov for språkleg infrastruktur og ein politikk som i størst mogleg grad er teknologinøytral. Kulturmeldinga held fram at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft. Å kunne ytre seg med sitt eige språk, og å få oppleve sitt eige språk, på ulike plattformer uavhengig av kva for innhald som er der, er heilt avgjerande både for ytringsfridom, for språk og for kunst og kultur meir allment.

Språkpolitikken må vere utgangspunktet for digitaliseringspolitikken. I eit svarbrev til Nynorsk kultursentrum 30.1.2019 svarer Kommunal- og moderniseringsdepartementet på vegner av digitaliseringsministeren at «[s]pråk er ein viktig del av kulturarven og eit vilkår for å ta del i demokratiet og at «[d]igitaliseringsfeltet er tverrgåande og grip inn i dei fleste områda i samfunnet, også språk.» Nynorsk kultursentrum meiner at språkpolitikken skal liggje til grunn for digitaliseringspolitikken, og at det offentlege skal ta ei tydeleg rolle for å sikre den samfunnsbyggjande krafta som ligg i å ha tilgang på tenester og innhald på eige språk.

Den norske digitale språkpolitikken må ikkje bli privatisert til globale aktørar. Staten må byggje ein god offentleg språkleg infrastruktur for talemål og skriftspråk, slik at det er eit godt grunnlag for digitale tenester der ein kan nytte nynorsk, bokmål og heile det mangfaldige norske talespråket i møte med den nye teknologien. Éin institusjon må få hovudansvaret for dette arbeidet, og Nasjonalbiblioteket peikar seg ut.

Det er framleis nødvendig med nokre sjanger-, fag- og formatavhengige ordningar for å sikre språkmangfaldet i det digitale Noreg. Engelsk trugar bokmål, og bokmål trugar nynorsk i underhaldningsindustrien. Offentleg tilrettelagd språkteknologi kan gjere det enklare og billegare å sikre teksting på bokmål og nynorsk av film, fjernsynsseriar og dataspel. Prinsippet nynorsk må også gjelde offentlege støtteordningar for audiovisuelle tenester.

Tilfanget av nynorske lydbøker er prosentvis mindre enn tilfanget av nynorskbøker generelt, både når det gjeld historisk litteratur og samtidslitteratur. For å auke det totale omfanget meiner Nynorsk kultursentrum at staten i ein overgangsperiode må vere med på å finansiere eit godt og breitt utval av historisk nynorsklitteratur i lydformat. Det er også med på å trygge det nynorske at ein held ved like ein tradisjon for lesen nynorsk, og at lyden av nynorsk skrift blir ein vane for fleire.

Mediepolitikken må ta særleg omsyn til at det er for lite nynorsk i riksmedium. Saman med andre målretta tiltak kan dette vere med på å sikre kvalitetsinnhald på nynorsk på internett. Politikken for meir nynorsk innhald må halde fram, sjølv om han blir supplert med ein politikk for språkleg infrastruktur.

 

2. Norsk fagspråk

Både bokmål og nynorsk er truga som forskings- og vitskapsspråk. Stoda blir meir alvorleg av at fleire profesjonsutdanningar er blitt meir akademiske. Det er avgjerande at framtidige yrkesutøvarar lærer seg å kommunisere fagleg på nynorsk og bokmål, for at brukarane av tenestene skal få eit best mogleg tenestetilbod.

Støtteordninga til lærebokutvalet, slik ho er utforma i dag, fungerer ikkje med tanke på å auke talet på lærebøker på nynorsk. Ordninga er øyremerkt små fagområde, noko som fører til at dei store profesjonsfaga der domenetapet er mest alvorleg, ikkje får støtte. Nynorsk kultursentrum rår til at ein målrettar ei støtte til utvikling av lærebøker på nynorsk i profesjonsutdanningar som sjukepleie, lærarutdanning, barnehagelærarutdanning, vernepleie/sosialt arbeid/barnevern, politi, økonomi/administrasjon, farmasi, juss og ingeniørfag. Dette vil vere viktige bidrag for å halde nynorsk fagterminologi i hevd. Samstundes er dette grupper som treffer mange brukarar, anten det er i byggjebransjen, helsesektoren eller i barnehagen. Derfor vil tiltaket føre til meir nynorsk for brukarane, ikkje berre for dei som tek utdanningane.

For å ta vare på norsk språk er det nødvendig med sterke vitskaplege miljø for blant anna leksikografi, språkteknologi, terminologi og namnegransking. Nynorsk kultursentrum er uroa for at andre incentiv i forskings- og utdanningspolitikken svekkjer desse avgjerande fagmiljøa for norsk språk.

 

3. Offentleg sektor si rolle i språkpolitikken

Staten, fylkeskommunane og kommunane har eit særleg ansvar for språkrettane til innbyggjarane sine, gjennom opplæring, offentleg forvaltning og på andre politikkområde. Med jamstillingsvedtaket, og seinare det samiske forvaltningsområdet, har Noreg hatt ein lokalt forankra språkpolitikk der lokale vedtak dannar grunnlaget for språkbruk og tiltak frå staten. Det burde vere unødvendig å presisere dette, men praksisen i bruken av mållova gjer det nødvendig å skrive at offentleg sektor må følgje lovverket. Når staten ikkje har følgt gjeldande regelverk for nynorsk, norsk teiknspråk, dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka, er han med på å redusere det språklege mangfaldet i Noreg.

I Noreg er det eit problem at kommunane og fylkeskommunane ikkje er medvitne om ansvaret dei har for nynorskelevane. Lovverket og meldinga må vere tydelege på at kommunane og fylkeskommunane ikkje berre skal sikre språkrettane til innbyggjarane, men også sikre at nynorskbrukarane har høve til å bli trygge i eige språk.

Meldinga bør gi dei lovpålagde stillingane administrasjonssjef (rådmann), skuleleiar (rektor) og biblioteksjef eit særskilt ansvar for å sørgje for at nynorskbrukarane blir eksponerte for nynorsk i offentleg informasjon, kulturtilbod og i skulen. Fylkeskommunane bør få ei særleg plikt til å leggje til rette for tiltak for at fleire blir verande nynorskbrukarar. Dominansen av bokmål i vidaregåande opplæring er ei direkte årsak til at fleire byter til nynorsk, og mangelen på tiltak i fylkeskommunane er derfor direkte trugande for språkbrukarane.

Det offentlege har eit særleg ansvar for å sikre nynorsk og bokmål i digitale tenester. I alle standardkontraktar og kravspesifikasjonar må bruk av både nynorsk og bokmål i menyspråk og innhald vere standard. Det offentlege må bruke marknadsmakta si ved offentlege innkjøp til å sikre digitale tenester på både bokmål og nynorsk, og utvikle system for parallellsøk i alle publikumsretta, digitale tenester.

 

4. Institusjonar for nynorsk

Nynorsk kultursentrum registrerer at det i kulturmeldinga er gitt eit særleg ansvar til Nasjonalbiblioteket, Arkivverket og Språkrådet for å forvalte den skriftfesta kulturarven. Den lista er ufullstendig, og ansvaret må også gjelde for å sikre språkrettane til innbyggjarane i framtida. Nynorsk kultursentrum vil særleg peike på desse statlege etatane, deira ansvar for norsk fagspråk og i denne samanhengen særleg ansvaret for nynorsk. Dette bør bli presisert i meldinga og i tildelingsbreva til institusjonane.

Språkrådet skal framleis vere organet som normerer nynorsk skriftspråk, og må få utvida tilsynsansvar for å vareta språklova, inkludert det å kunne gi forvaltningsbøter for brot på lova. Nynorsk kultursentrum meiner endringane i stadnamnlova som gjer forvaltninga av norske og kvenske namn til ein fullt integrert del av Språkrådet, er positivt.

Kulturtanken må sørgje for at det er nynorskproduksjonar innanfor alle kunstområda i Den kulturelle skulesekken, og særleg i kommunar med nynorskelevar. Nasjonalbiblioteket skal sikre grunnlaget for ein språkleg digital infrastruktur, gjere nynorsklitteratur tilgjengeleg for brukarane og leggje til rette for at bibliotek i kommunar med nynorskklassar tek eit særleg ansvar for nynorsk skriftkultur. Kulturrådet må få eit særleg ansvar for at omfanget av nynorsk kultur aukar, anten det er tidsskrift, sakprosa, skjønnlitteratur, songlyrikk eller scenekunst. Særleg avgjerande for mindre brukte språk enn det dominerande er at ein aukar tilfanget av sakprosa på dei aktuelle språka. Arkivverket sikrar tilgang til kjelder for, om og på nynorsk, og gjer dette tilgjengeleg. Mediestøtterådet må ha eit særleg ansvar for å sørgje for at det blir meir nynorsk i aviser, gjennom støtte til aviser som er redigerte på nynorsk eller nynorsk og bokmål.

Utdanningsdirektoratet treng eit tydeleg mandat for å sikre at elevane med nynorsk som førstespråk har same høve til å bli trygge språkbrukarar som bokmålselevane. Mandatet må inkludere tilsynsmynde til å passe på at det er fysiske og digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsvurdering i høgare utdanning forvaltar tilskotsordninga for lærebokutvalet. Det bør få eit særleg ansvar for at det blir utvikla faglitteratur på nynorsk i dei større profesjonsutdanningane i høgare utdanning. Kompetanse Noreg må få eit tydeleg mandat for å kvalitetssikre at det finst gode læringsressursar og tilbod på nynorsk for innvandrarar. Verksemda må få eit særleg ansvar for å følgje opp og sørgje for kompetanseheving og erfaringsutveksling mellom kommunane som har nynorsk som opplæringsspråk for innvandrarar.

Vegvesenet, som største skiltstyresmakt, har eit særleg ansvar for å gjere nynorsk synleg gjennom skilting i nynorskkommunar og andre kommunar der det er nynorskelevar. Oppdraget til Vegvesenet bør ta særleg omsyn til nynorskbrukarane.

Direktoratet for forvaltning og ikt må heile tida sørgje for at nynorsk er med når dei utviklar digitale løysingar for forvaltninga og innbyggjarane.

Innovasjon Noreg må vere ein part i arbeidet med utvikling av nynorsk terminologi og bruk av nynorsk i næringslivet.

 

Fire andre offentleg finansierte institusjonar bør også bli omtalte i meldinga, og bør sjåast i nær samanheng med norsk språkpolitikk:

Universitetet i Oslo som hovudstadsuniversitet må slutte å byggje ned leksikografi, namnegransking og andre avgjerande fagmiljø for norsk språk. Universitetet må bidra til forsking om nynorsk skriftkultur og forskingsformidling på nynorsk. Ansvaret for det nynorske kan ikkje bli regionalisert bort, men må vere eit ansvar for alle institusjonar i UH-sektoren. Rolla som hovudstadsuniversitet gjer likevel at Universitetet i Oslo bør nemnast særskilt.

Språksamlingane ved Universitetet i Bergen er med på å sikre kunnskapen om stadnamn, talemål og skriftspråk for framtida.

For dei samiske språka og kvensk er det etablert språksenter som arbeider med barnehage-, skule-, kulturtiltak og digitale tiltak. For det nynorske er dette delt i to offentleg finansierte institusjonar. Nynorsk kultursentrum har eit nasjonalt ansvar for nynorsk skriftkultur, og bidreg til å styrke denne gjennom festivalar, dokumentasjons- og opplevingssenter, arrangementsturnear og digitale tenester. Både samlingane, kompetansen og formidlingsoppgåvene er nasjonale. Rolla vår som kompetansesenter på nynorsk skriftkultur for heile kultursektoren kan gjerne bli stadfesta i meldinga. Nynorsksenteret, som frå 2019 er ein del av Høgskulen i Volda, bør framleis vere eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Deira kompetanse og nasjonale ansvarsområde bør bli synleggjort i språkmeldinga.

 

5. Nynorsk for barn og ungdom

Det er annleis å lære eit mindre brukt språk enn eit dominerande språk. Språkstimuleringa i barnehagen må vere målretta mot kva førstespråk ungane bruker i skulen. Nynorskungane blir mindre eksponerte for populærkultur og litteratur på eige språk enn bokmålselevane. Barnehageeigarane må vere medvitne om nynorsk i språkopplæringa, digitale verktøy, songar og anna pedagogisk tilbod. Dei same prinsippa gjeld i grunnopplæringa og er godt dokumenterte i Språk i Norge.

Ungane med nynorsk som førstespråk treng å møte språket sitt på flest mogleg område dei er interesserte i. Også ungane med bokmål som førstespråk treng å møte meir nynorsk for å bli medvitne språkmangfaldet og tryggare i nynorsk. Auka produksjon av sakprosa for barn og ungdom kan vere eit viktig bidrag til dette. Tilfang av dataspel, film- og fjernsynsproduksjonar og nynorsk i andre underhaldningstilbod er òg avgjerande.

6. Geografisk målretta tiltak for nynorsk skriftkultur

Det er i dag nynorskskular i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Oppland. Nynorsk kultursentrum meiner tida er inne for å rette nokre tiltak mot dei områda der nynorskbrukarane er flest, og særleg der presset frå bokmål er størst: Nordmøre, Romsdal, Bergens-regionen, Jæren, Haugalandet, Ryfylke, indre delar av Agder, Midt-Telemark, Hallingdal, Valdres og Gudbrandsdalen. Ein politikk for desse områda bør inkludere byane Trondheim, Kristiansund, Haugesund, Kristiansand, Notodden, Gjøvik, Lillehammer og Skien, sjølv om det ikkje er nynorskskular her. I Bergen kommune, Ålesund kommune, Sandnes kommune og nye Stavanger og Molde kommunar er det nynorskklassar. Desse byane er viktige regionale sentrum, og synleg nynorsk her er med på å sikre eksponering av nynorsk for nynorskbrukarane i desse sårbare områda.

I desse områda bør barn og ungdom vere særleg eksponerte for nynorsk skriftkultur, på same måte som elevar med samiske språk eller kvensk/finsk som førstespråk treng det i område der bokmål er særleg dominerande. Dette bør inkludere arrangement med utgangspunkt i nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur på fritida, tilgang til mykje og ny nynorsklitteratur på biblioteka og i skulane og kurs til offentleg tilsette i nynorsktilbod som finst digitalt og nasjonalt.

For vaksne bør biblioteka få eit særleg ansvar for og incentiv til å formidle nynorsk skriftkultur. Ein del av bibliotekutviklingsmidlane i Nasjonalbiblioteket bør øyremerkast til språkstimuleringstiltak for barn, ungdom eller vaksne i nynorskområde. Dette kan inkludere formidling av nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur på arbeidsplassar og andre stader i lokalmiljøa gjennom utstillingar, forfattarbesøk eller arrangement.

Vi ser på tilbod i desse områda som ein naturleg del av oppgåvene til Nynorsk kultursentrum, men det fordrar i tillegg til auka prioritering frå oss målretta økonomisk støtte frå stat, region og kommune. Eit spleiselag eller ei forsterkingsordning mellom stat, kommune og fylke kunne til dømes fått på plass ei innkjøpsordning for og formidling av nynorskbøker til skulebibliotek i desse områda.

Mange av kommunane, fylkeskommunane og statlege etatar og avdelingar med nynorsk som administrasjonsspråk manglar kultur for god opplæring i nynorsk til dei tilsette. Denne alvorlege mangelen er ikkje med på å legitimere nynorsk som arbeidsspråk, tvert om.

 

Her kan du lese heile innlegget frå Nynorsk kultursentrum