Morgon på Kobbeskjeret

(Dikt, 1961)

Morgon på Kobbeskjeret
morgon for frie menn.
Takk for det fine veret
høgt opp i himmelen!
 
Måsen sin frukost veidar,
gauken i lia gjel.
Sjølv sit eg lur og seidar
over ein koparkjel.
 
Måsen har sitt i vente:
spralande sild i stål.
Eg har ei vakker jente
innfor mitt siktemål.
 
Urter i kjelen osar,
røyken mot målet dreg,
lokkar so fint, og losar
jenta den rette veg.
 
Kanskje ho nett no kjenner
angen av alt som gror,
den som dei vise menner
førde der fram dei for?
 
Oppfyll på same måten
kallet som når deg no!
Salv deg, hiv deg i båten,
bind opp ditt skjørt og ro!
 
Nyvaska, fin og fjelga
kjem du med sjø for stamn.
Namnet ditt vere Helga,
helga i Herrens namn.
 
 
Frå Det kveldar på Kobbeskjer. Oslo 1961. Side 16-[18]. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006.
Brukt med løyve frå familien og Gyldendal.