Skirennet ved Huseby

(Forteljing, 1885)

Av Ivar Mortensson-Egnund

(1879)

Vestre Aker, det er bygdi innved Kristiania det, og det var her, det store skirennet var. Gilde skibakkar er her med, og denne Husebybakken er no væl den største. So gjeng det ein skaaveg langs etter bakken i det aller brattaste; der var det lagat til eit dugelegt hopp. Yver haug og hamar gjekk skeidet, og so skogholt og bekkjedalar imillom att, 5000 alner paa lag. Det er slikt lende, som røyner avlen.

Det foor no so fullt med folk fraa byen, skulde stad glosa paa dette. Det var ruskver og i fyrstningi, gustad fraa nord gjorde det, og kalde mjelli dreiv, men tjukt var det paa alle veger, sume gangande, sume køyrande, og so stordelen paa ski; gamle kallar, kvende dessheld, saag du skridande paa skiom. Det er reint paa moten vortet her no; det er berre so det yrer med skilauparar i skog og bakkar um helgedagarne, og det er ikkje klen mote; men eg vaagar, det leitar paa dei granne beini.

Daa det leid um senn, hadde det sankat seg ein utruleg folke-krull; det var som den sværaste kyrkjelyden, som stod nedunder bakken; fyrst ei tett mannarad, og so bakanfor sledeborgi, utallegt med hestar og sledar var det, og sledarne fulle av fine kvende, som stod der med smaaborn paa armen, so dei og skulde faa sjaa. Det tok til aa blidgast veret au daa, og ljosna upp. Det er so vænt i Aker, naar soli skin utyver engjom; snjokvite aasarne ovanmed, og myrke granholt ned paa flata, og so maalad gardar av dei aller gildaste rundt ikring; so kvitte det fraa husom i byen, og Oskarshall stod so blank utmed fjorden.

Der stend skilauparanne uppstelte øvst paa bakken, med store nummer paa bringa, ferduge til aa skrida i veg. Der tred ein fram, det er ein spraut hermann, eit offisersemne, med vælstelt munnskjegg, kroknase av fyrste slaget, breid um bringa, smal um midja, vælskapad leggjer og "kjæk holdning"; han stend der so byrg og ser seg utyver. Han er visst trygg paa sin premi; han maa vinna, han, det høyrest berre ei meining um det i folkehopen. Jau, der losnar skirne, staven ligg lett i eine haandi, traust og sigersæl skrid han iveg; men den sprotekaren, kva vantar honom ? han luter attyver og styd seg so paa staven og sprikjer med beini; kven skulde tru, at so væn ein svein kunne "gjøre daarlig figur"?

 

Men det vart stuk utyver hallom,
stukar og mykje gaman;
tru kva vantar den nyte svein,
han fær 'kje føtenn' isaman!

 

Tru kva han tenkjer, med' han ser uti stygge djuvet? Tru ikkje føterne talar "hjartemaalet" her, - tru han ikkje ynskte, han kunde venda skirne so braadt som hugen.

 

Men skirne kann 'kje i bakken vende,
solenge Otre utetter renne,
um hugen gjere so mang ein sleng,
som ospelauvet for vinden gjeng.

Der naar han stupet; det ber utyver; ein himmelsprett -

 

Men kvar vert det av den væne svein,
og koss er det med honom vori?
Føtenn' stangar mot skyi blaa,
og nasarne gruvlar i jordi.

Men fraa folkemugen lyftest det eit rop, og det er ikkje noko fagnadrop.

 

Høyre du det, du Hermann snjadde,
kvi sat du 'kje helder heime?
det er betre vera blaug enn aabruklaug,
æra er god aa gøyme.

Men trøyst deg, unge svein, det var visst ikkje fyrste gongen, du rullad, dette. -

Jau no er han komen paa rett kjøl att; liten og laak sit han der uppi bakken og ser seg ut so vide - luvelaus, skilaus, frægdelaus. Men der kjem luva siglande; den fær han paa seg; so ruslar han i veg etter skiom, fær dei au paa seg, og skrid vidare. Og so kjem det fram folk og jamnar ut faret aat den næste. Ho! det er ein bonde! han skjanglar iveg; han hev visst aldri i sine dagar havt "anstandsøvelser"; han er nok ein av dei, som korkje kann gaa rett, snu seg rett, elder gjera nokon ting rett. Bonde, bonde, kvi vaagad du deg ut fraa dine dalar? agta deg, du ikkje vert til spott og laatt for landsens hovudstad! - Han stend so ledalaus og likesæl; ser han ikkje hoppet daa ? - ikkje meir enn aldri var vyrde han det, skaut seg i lufti, kom nedatt og stod paa fotom som fyrr, plent likesæl, berre skreid vidare. Han skynad visst ikkje, at det hoppet var so faarlegt, den tullingen.

Men jamen lagde dei til daa lel, ropad og skreik som dei var ville: hurra, hei! berre so det song burti haugom. Han skreid, berre skreid, vyrde ikkje det slag.

Men sjaa denne, du! Er han rædd, elder er han full? han vinglar so leidt, med same han legg iveg -? Nei, det er nok ikkje vingling. Han maa vera galen, han hoppar, der inkje hopp er, tek tilsprang øvst ifraa, skyt seg i lause lufti, og kjem ned att i renna; hatten hev han i eine haandi, og ein liten kvist i den andre; han vil "flotte" seg, han; - "aa du din vaae, aa tru du datt"! Kom han so til sjølve stupet, krøkte seg saman og skaut seg til vers, drog føterne aat seg, so det small i skirne, sveiv liksom paa eit bein; det vil eg for sonno segja, han foor liksom fuglen i lufti . . . det svimrar reint for augom, tru han kjem daa nedatt ? - Aa du tarv kje fæla.

 

Det var unge nyte drengen,
han hev fulla stadet fyrr'e:
skirne rann, i marki det skrall,
og guten stod like kyrr'e.

Gjer han seg eit braakast att; so diltar han burtetter, fyk so lett yver haug og hamar, og um eit lite bil er han paa same flekken att; daa hev han gjenget den gode stubben paa 5000 alner i eit kvarter, og det endaa so tungt føre som det var. Men han er ikkje trøytt lel, labbar uppetter høge bakken att, som det var flate tunet, kastar med skirne og krintar og krøkjer, som han aldri hadde det slag paa føterne.

So var det ein liten gut, han var ikkje 17 aar endaa, so dei vilde ikkje sleppa han i vegen med dei store paa det lange skeidet. Men han trudde seg til bakken lel han, var det sjaa-ande til, - baud seg til aa renna etterpaa.

Det var norske kongen,
han litar seg att yver herd:
"Hot er det fe ein liten smaasvein,
som seg mune tru so væl?"

Men det var daa den vesle gut, han iddest kje anna svara, berre bad kongen stella seg nære innaat stupet, so fekk han sjølv sjaa, kva kar det var. Kongen so gjorde; tok han seg daa paa tak, guten, hoppad til, foor framum kongen som ein lit, lyfte paa luva for 'n og heldt ho i strake haandi, - "hou!" ropad han, skaut seg utyver stupet, kastad skirne braadt um og stod paa fotom som fyrr.

 

Det var norske kongen,
han stod der 'kje langt ifraa.
Soli skimtad han under skiom,
det tott' han under aa sjaa.

Det vart mælt, og daa var det 33 alner fraa der guten slepte bakken og til han tok han att. "Det var furdur til verk!" sagde kongen, gjekk burt aat guten og flidde honom ein skilleg gild pening. "Dette skal du hava av meg," sagde han, "for det du var so frægd'e kar te renna".


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania , 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad