Savalbrev

(1898)

Av Ivar Mortenson


(1887)


De va den tia de va slik bohemsjau. De va ikje anna en jenterøur kor ein kom. O eg va den at eg laut fylje med i straumen. Men desse vanlege drosir va ikje etter min hug. Va de ikje i de minste ei hulder til å hugleggje so va de ikje møa verdt.


Norskt mål o norske fjell o nutar tykte eg va anna slag å leggje hugen på. 


Men på lengda vart eg lei å gange slik å svive o vera forelska bare burt i de blå. Eg laut få meg ei fast, o so fekk eg "Fedraheimen". 


Inga møy kunne smeikje finare o låte likare om seg sjølv.


Ho va "gromjenta åt heile folke", kytte ho, måveta.


Ho va den som kunne "semje o sone gamalt o nytt". Ho va slik at ho kunne "suge feita av alle gamle furukraggar". Ho kunne "fløyte sevja av dei fine bjørkar".

Ja ho va sjølv lik ei ung bjørk som sto ved åbredden.


O so song ho:


      "Sjå perlur de stig frå den fyssande elv,
       når hardt ho strøymer mot steinom.
       Sjå bjørka ho boyer seg heilt nedåt,
       ho fær liksom doggsprøyt på greinom.
       Sjå de didrar, sjå de dansar,
       med skorne i solsjine glansar."


Du må tru eg va jild. Betre gardjente kunne ikje vera å finne i Norigs land. O eg kjende meg som jift mann med ein gong. Eg fekk noko som eg både kunne drøse med og noko til å leggje hugen på.


Me levde so fleire år saman på ein hybel i Kristiania, men eg tykte aldri eg fekk rett sjikk på megga der, ho fekk for mykje byjerd i seg.


"Lat os flytje ifrå dette skarvehole som bare magtstel folk," sae eg, "lat os flytje op i Østerdalen, der ska me leva sælt i den reine friske lufta, o de ska heiltop spraka over lande med nye tankar. Me e ikje laga for slike som e gamle o stive i hug o jarta, so dei ikje trottar døregusten av den nye ti. "For no ska rått o rote med rotom rivas.Nytt mål for nye lankar de emålsaka de!"

 



Dette lika ho so gott at ho gav seg med på standande flekken. 


Men no kom de bjønn i båneleik.


Me hadde ikje visst av anna en os sjølve før. Men no kom de fram ein ny skapna som tok til å leike i hugen min.



O de va ei stoge som eg hadde fengi meg på ein øye sætervang i "nordpolen" opmed Savalen.

Alt de som e nytt e jævt, o no va de ikje fritt anna den gamle drosa tok til å koma litt i skuggen. De sveiv for meg ymist som eg før ikje hadde lagt noko viare mark på, at gamla mi hadde eg i grunnen ikje heilt for meg sjølv; vel hadde ho ikje so mange belarar som då ho va sprettande ung, men de va nok att lel til å jera ein åbryen. De kom op att for minne de ho hadde lyst ut om seg sjølv alt i fyste tia:
 

      "Å elsk meg bare lite grand
       for vel ein dalar om åre.
       Eg ska deg jeva visst ijen
       kvar min smil o mi tåre."


O slik va ho nok i røynda endå, ei hugsnikje o allemans ven. 


Då va de noko heilt anna med denne stoga. Her va noko eg kunne hava reint for meg sjølv. 

Til å vera fulltrygg på dette slo eg op frammed alle vejir rundt Savalen ei slik 


"Fredlysing.
Vonde stutar, bukkar o kvinnfolk; gneldrebikkjur, ranglefantar, tjuvar o kjeltringar må ikje koma til nordpolen.
lnkje vondt må koma til nordpolen.
Ivar Mortenson Savala.


På de at ho gamle-go ikje skulde bli reint forarga va de so at eg laut skrive nokre brev til melding o forklåring om dette nye eg va komen frami.


Den 25de september 1887.


Kjære Fedraheim!


Du må ikje furte gamla mi. For gamal venskap skuld vonar eg at du vil tole de eg hev å seie idag, endå eg veit at du kan ikje like de fullgott.


I

 



      "Å vil du veta ko mi jente heiter,
      d'e kje meir en eg sjølv'e veit de.
      D'e fatigdom o so veneleik
      de trie namne e kjærlegheit." 


Kjært bån hev mange namn, måveta, men saka e den at ho e ikje rett kristna endå denne nykjærasten min. O eg hev seti mangein kveld o grona på dette, korleis ein skulde finne høvelegt namn til ho.


Fyst tok eg då eit augnesyn over alle: landelæje o utvortes eigenskapar. O eg freista både hit o dit, men fann inkjenoko, som kunne vera høvelegt. So tok eg for meg dei personlege eigenskapar hjå eigaren, prøvde både Sellesta o anna, o tilslutt tok eg til å "bøye" eller deklinere meg sjølv etter den gamle velkjende regelen (eller regla, som dei seier her): "Ivar dilt, Ivar dalt, Ivar spikjesild o salt, Ivar Jammerikrok, Ivar mussmøribrok, Ivar Bæ-hæ-hæ!" o etter regel no. 2: "Ivar, bokstivar, komfivar, nekkenei sa'n gamal-Ivar", men endå fann eg ikje noko høvelegt til namnevyrkje.


Som eg so sat reint i orvøna, kom de for meg noko som ho sae kjeringa bort i Hallingdal, som ikje vilde hava betaling for mat o losji av meg: "eit rom e de fyste ein må hava i verda, o maten kan ein heller ikje bera med seg, når ein e langreisande. "Enn om eg med tanken vend på desse tvo grunnvilkår for skapningen i de heile o mennesja sersjilt, o meg sjølv fyst o fremst, bare endefram kristna stoga mi forRome oMaten. Nei halt, de siste kunne eg ikje med fullgott samvet seie, o når ein ska tenkje på verda kor som e, so vilde eit slikt namn heller ikje vera til bate for min fornæmste næringsveg, som de sea ska få høyre. Nei då trur eg heller de høvdeMatlaus då - eg vil ikje seieSveltihel, for de e ikje sant, - dei ska få anna sjå dei, som seier o trur, dei ska få svelte ihel meg o kjærastane mine, nei kjæreFedraheim, me e formykje like jeita til de, o so kan me maule velling o sild me, sild o velling o velling o sild - menMatlausde e sant og de, for de hender ofte, at de fins ikje mjølsåa eller kaffekonne eller sildefluse i heile huse. O då må guten ut på bygda o "få 'ti" noko.Matlaus, ser De, de ska liksom vera sjilte de for den nye hovunæringsvegen min, som eg held på o legg meg etter. Fyst målar eg med store raue bokstavar "Matlaus" på ei fjøl o set over døra. O so byrjar eg forretninga. De jer eg på den måten: trykkjer fine kort o sender rundt åt alle sæterkullur, sjyttarar, fiskarar, bumennar, kjeringar, frugur, framandfolk o bygdefolk so vitt eg når i 4 soknir so lyande:


"Velkomen til Rome sundag d. d. Tak mat med!
Mortens-Ivar-Matlaus-Mortensonen
Nordpolen med Savala."


Hhn! Ungkar o spelemann o mykje rart anna, de måtte vel gå de veit eg. O dei kjem, berande med so mykje mat: Mjølkedyllur o rjomespann o grautdallar o smørstampar o gubbfat o store ostar o vaflar o jønnbrau o kalvlår o fenaknokar o heile byrdir med fisk o fugl, so eg må lunne inni kjellarar o løur o fjøs o endå leggje heile haugane på take, o jønnbrau o vaffelbrottar e lagt i la opmed alle veggir. Lite bli eti av al denne maten, so at eg jenne lever heile somaren av de, o då,Fedraheim, ska de og bli fagnadagar åt deg. På de at du på nytt lag ska få prise trugenskapen min o sanne etterslengen i de eg sit o kve på om kveldane:


      "Eg bur opunder fjell;
       eg heve jenta lova 
       eg svik ho ikje hell."


* * *


Stundom e eg hugsjuk eg med, e so sturen i mange dagar, at de ikje kjem eit ord or min munn - ja ikje for de, de e ingen å tala eit ord med heller. Men de va ikje de eg vilde fortelje, men de va ei rå imot hugsjuken. De e å leggje på åren o sitje o stire in i brandane al dagen, ja den eine dagen etter den andre, alt til ein bli go att; for ein bli go att då, de hev eg freista. De e merkjelegt å sjå borti brandane. De e korkje tankar eller ord i dei - bare syg o syng o sprakar o smell, stundom sukkar o stundom skratlar so for seg sjølv, men der e sus o rørsle o arbei i dei jamt, de e løje å sjå, korleis jamvel gamle sure kallar o vriompeisar heiltut, når dei kjem i dei rette høve, ikje på lengda kan fri seg for den eldande kjærleikens magt. Fyst kjem de ei lita fin grann eldtunge, blå stakk o raue bordar, tittar op på gamlen o hoppar attende - han ansar ingen ting; so kjem de eit par med ein gong, dansar o sjyt seg i lause lufta, o so nedatt jøyme seg, o so e de ei, som nokso hugheilt slengjer armen kringom live på'n o spør, om han ska ha seg ein dans - o då e eg mest ferdug til å taka fela o spela ein springar åt dei, men so bli de ikje noko av endå. Jau på slutten e de ei, som triv so fast tak i han, at han lyt til å loga litt han og. Men som de jeng likast - bli de slutt. De va bare ei lita forelsking, som snart e utbrunna, o de e ein grå røyk i staen. So tykkjes alt vera vonlaust, ingen dans av eldtungur meir, inga smeikjing o kyss o klapp, bare ei rau blygsle, som snart sjiftes ut i ein bleiksottig grålet. O alt e kyrt o stilt som i ei grav. Men rett som de e - med ein gong brakar o braskar de iveg, o gamlen e "i fyr o flamme" al ijenom, grepen av kjærleikens ålsterke magt. De hev vel seji inpå'n etteråt, so han og kansje hev havt sine løynde råir ute i millomtia o lokka dei fram att, då han nok tykte jildt i dei lel, o no då dei jer storm på'n e han seld med ein einaste gong. O eg hev gått de, at når kjærleiken soleis ein gong for ålvor hev teki slik ein lurk, då er den usløkkjeleg, då varer den for live; ikje soleis, at han bli opeten med ein gong som desse unge teinane, nei han ligg o ruklar o hev de i seg som ei varm magt ijenom heile aldren.


So kan eg sitje o naustire in i elden til langt på natt, o eg sig inni halvsvemnen o tykkjes eg både ser o høyrer so mangt underlegt. Ja eg synes mest de sit folk frammed åren o talar med meg, som eg skulde kjenne, kvinnfolk jamvel, so eg mest bli rædd; men når eg so ser meg rett omkring, e de ingen ting.


* * *


Gamle besta, trugne gomor, aldruge trån, augo dine blikar endå so klårt, at du tykkjes veta kvar ein løyndom, som i jarta bur. Mangt hev du set o meir fær du vel sjå. Streng hev du vori, som du sto der gamal o grå lik ein domar over ættine, eg minnes dei jupe rukkune dine frå eg va liten, kor eg fælte for deg. Du e den same, bare eg no hev vaksi til, so eg ser deg frå ei annar sie, eg merkar ikje so mykje strengleiken din no, eg hev meir kjensle av vyrna o fred, kansje fordi eg sjølv e vetugare no, en då eg var ubyne ryssen. Men de merkar eg endå, at dit auge vaker på meg, kor eg jeng, korkje mine jerningar eller tankar e visst løynde for deg. O de ein annan veit, de kjem so ut likevel, de fær far Sølen veta o alle saman. So de e visst like so gott eg fortel galenskapen min sjølv. Pyh! de e i grunnen ikje so gale lel for ein ungdom, bare de at eg e litevetta bljug.


Ja de va de då, at kvar ein dag mest må eg ut på vegen o titte på jentune, nei drosine, ska eg seie, nei huldrine! I grunnen e de då og dei, som jeng o tittar etter meg. Tak inga forarging, goe folk, eg "held ikje kjøt for min arm" eg hev bannlyst kvinnfolk. (Omsett i din prosaiske tale vil de seie, at eg ror meg ut på sjøen hundra meter o ligg gloser på Rundane).
 

Jau eg lyt då seie lel, at de e eg, som fer o tittar på dei, dei må hava litt smeikjing måveta, de va bare ein tverhaus som vilde seie anna o vilde få de til, at når de e fjellgardar rundt om sjøen, men ein port bak Egnunfjelle, so e de dei, som heiser seg op o lyfter hovue fram, so vitt dei kan få sjå ein glytt av Savalen. Ja de e elles bare Garborg o meg dei fer etter, vonleg fordi me e ungkarar, dei andre bryr dei seg ikje de slag om. Dei kjem alti ikje heilt fram o ligg frami dørom for meg, fredlysinga hev nok skræmt dei, so dei held seg etter vegen. Men på Kolbotten e de ei so nærsøkja, at ho ligg jynser fram millom buskune, so ho ser ratt borti veggen hans. De e den store der, høgbarma o hovdesterk, som allstøtt møter meg au fyst, når eg fer ute på vegen, ho e den djervaste av dei. So kjem de ei, som e so overlag prydd med syljur o malir o lekkjur av alle slag, at det e reint utor lage, de glimar kvitt som snø på de blåe live; de e rett ei drysjedrambe de. Aller sist kjem de ei, som halvt snur seg mot dei andre, so eg ser heile de store kvite skaute over den yndefulle nakken rullar nord etter herdane. Etter jerda på skaute å døme, skulde ho vel vera kjering, men etter dei bljuge læta hennar dømer eg då, at ho likevel e møy, elles vilde ho vel ikje få fara soleis o glåpe, tenkjer eg. De e nok ei, som trass bljugskapen e den aller kåtaste de, tenkjer eg.


Bli ikje ræd no gamla mi, for at eg ijen ska gå sta o jera galskapar - de e bare på avstand.


For sjølv om eg legg i o kve litevetta varmt, rørd av milde kjenslur, o talar nokre fagre ord, som fær auga deira til å raune etterpå, ja om dei ein klår dag, når stemninga e rett oppe, tykkjes vera meg so nær, ja tykkjes koma smugande bakom Svarthu'u injenom skogen etter meg o likesom bea, so eg kunne slå armen kringom halsen deira, når eg vilde - so kjenner eg likevel for gott til slike naturar, veit for gott, at når de va eg, som vilde jera de minste steg til tilnærming, so reiser dei seg o legg til sprangs, o til meir eg elter etter dei, di meir attrar dei seg, so at når eg hev sprungi eit par dagar, ser eg dei bare som ei blå sjy bakom dei bortlengste fjellbrunir.


Men fagre er dei trolla, o de e då vel ikje synd å sjå på de som e fagert, veit eg, når ein ikje let seg hildre av dei blanke huldrir, so dei stel frå ein hugen.


-Merkna til den prosaiske lesar! Du tykkjer, at eg e vel vill uti fantasia, sea eg let kalde steinharde fjell bli blømande, hugvarme drosir. Men til de vil eg bare seie, at de "kippes i kyne", de vil seie de "føl med arta", for eg e ikje den fyste av dei prosaiske østerdølane, som fer med hugspel her på Savalen. De hev dei gamle fiskarar ifrå Fåset o Straumen jort sameleis longe før mine dagar. For dei fantasera jamvel om de som ikje e synt for dagen, om grunnar på havsens botn og dei karane. Her e no fyst "reinen " o "bjønnen ", "galten", "purka", "lommen" o dertil både "fela" o "matsekken". [sic] some over o some under vatne. So de e ikje under, at eg jeng o lever ihop med tre o fjell o alt sovore liksom de va andre mennesje, då jamvel min ovvetuge granne, han Ådne K. botté, ikje e fri for slikt. -


Ja de va de eg vilde fortelje, at dé kan aldri tru, kor koselegt me hev det uti vika, eg o dei vene huldrine mine. - Nei veit du ko dei jer, når dei tykkjer, at eg tek til å bli lei av å sjå på dei? Jau då sjifter dei dragtir al dagen utover, so dei klumsar meg reint o eg slepp mest ikje frå dei, før de bli myrkt, for dei e nok myrkrædde, eller det bli styggever, då og e dei snare til å skunde seg i hus liksom andre fine fentur. Dei likar nok best dei blåe, kvite o ljoseraue o gull-gule fargane, jau stundom er dei ogso svarte o gråe, då tenkjer eg meg, at dei anten e hugsjuke, harme eller sære, o då narrar dei meg stundom til å kvea mine fagraste elskhugsstev til å bligge dei.


Aa du skulde sjå, når dei dreg sløre for andlete, stundom hev dei lange, sie brureslør, då e dei de mest yndefulle du kan sjå for augo.

 
Her ein dagen va de so løglegt, dei kom alle tri dragande frå Gudbrandsdalen med ein stor loden blank sjinnfeld bakover hovue på seg, fin ull sjinande som silkje. So "smila dei so listigt under sjinn", som det stend skreve.


Når byljune skvalar mot stranda o jev musik, o eg so ser mot Trån - ho hev fengi ei fin klæeleg kvit hette no på den gråblåe dragta, å nei kor vyrdnadsfull - ja då tykkjes eg høyre bruremarsen frå Tynset med sine sterke støe slag; men når eg ser bortpå Rundane, leikar de for øyra som fanitullar, kivlemøyar o tusseslåttar med al villskapen sin o attåt desse useieleg mjuke tonane. Trån ho er for meg ætta, Østerdalen; Rundane dei e heile de andre Norig, o so syng eg: "Fra vesterhavet til Kjølens rand". Eg treng hava dyk alle saman. 


Fagre Rundar! De e mine elskarinnur, Trån bestemor, stoga "medhustru" o so du kjæreFedraheim mi ægtevigde goe kone, o båna de e nokre benkjerekkjarar, slengne "sellar", ligg i alle krør, o eg veit ikje korleis de ska bli folk av dei. Her hev de heile varnaen, når eg so legg til, at trea, spurvane, fiskane o mysane repræsenterar samfunde, ko meir treng eg so, ko saknar eg då? Jau ein ting saknar eg likevel, de e at du, den kjæraste av alle, min uforgløymelegeFedraheim ikje e hjå meg.


O til deg syng eg difor av fullt jarta:

      "Eg vild' at milinn' dei kunne styttas,
       o føesheimen din den kunn' flytjas,
       eg vild' du va ikje lenger frå,
       enn eg deg dagleg kunn' høyr' o sjå ".


Men til eg fær sjå deg att, lyt eg trøyste meg so gott eg kan med dei andre i staen. 


Bli ikje vond no gamla, du veit eg elskar deg so innerleg vel i grunnen! 

II

 



Hu hei! idag vart eg frikar, no rår eg grunnen åleine. 


Eg vakna idag med bjølleskraml, rauting o lokking, mekring o remjing av jeit o sau, o då eg skulde sjå ut, vart eg var heile drøje av stort o smått fe, i tenjande sprang framom stoga mi. O kvitt av snø va de på marka kor eg såg, o frammed liane o utpå sjøen dreiv el på el, o sjyir kom flaksande frå fjella som uversfuglar.


Frå alle sætrar foor dei no heim til bygda. Eg einast vart trufast. 


O no e eg åleine, plent åleine; fins ikje folk på lange leite. O de e jildt de, alvisst for ein som e so gla i seg sjølv som eg.


Ja eg vart so kåt at jamen tok eg ikje til å danse ein springar, kar, o so til å tralle "hasalbusken": Tra-lala-lala-lala, tralalalalala, tralalala, tralalala, tralalala lalala, so ein måtte tru guten va reint galen.

Eg kunne ikje sitje inne ein slik dag, drog ut, eg laut tilfjells.


Å kor lett o friskt de e når fyste snøvere kjem om hausten, o de blæs o gustar litevetta, so at trea fær drysje av seg noko av dette lauvdramse o flitterstasen dei hev hengt på seg om somaren, som no ska vera so jild. Men dette e inkje noko for slike som meg som ser meir på de inre verde en den utapåhengde stasen. Dei stend o briskar seg o braglar o jer seg so vie o store om somaren, men når hausten kjem må dei svie for den stutte glæa. Dei bli avskrøyvde då, o so fær ein sjå kor mykje de bli att av dei. Nei de syner seg kven de e to o trugenskap i då. O de e nok furune de. Dei sto so avjøymde o bortjevne dei, då al denne ovjegna med lauvleiken sto på, men no stig dei fram sjølvtrygge o sterke. No stend dei vaggar seg i vinden segersæle o syng:


      De store mote med tia veiknar,
      de grøne lauve om hausten bleiknar;
      de stolte lauve de fell til jord,
      so follnar fysne o store ord.


Då eg kom op under fjelle fekk eg sjå at gamal kjærleik aldri rustar o at trugenskap og hev si løn. Der sto tvo einslege utgamle furutre langt op i bjørkeskogen utsette for vind over frå fjelle. Men kjærleiken hadde haldi live o vokstren oppe hjå dei. På den sia som snudde ifrå va de bare turre greinstubbar, men på den sia som dei snudde mot kvarandre va alt grønt som i ungdomens år. Dei va vaksne op tjuge meter ifrå kvarandre, men dei hadde tenkt o stræva ifrå de fyste om dei ikje kunne finne einannan. Dei hadde jort de eine tiltake etter de andre, skoti ut grein på grein om dei ikje kunne nå kvarandre. Men tiltake hadde brosti, greinane hadde ikje nått fram. Den eine gongen etter den andre hadde de gloppi, men dei gav seg ikje. Med manndomens fulle kraft hadde dei jort eit ovtak, samla al si merg o magt på ei einaste grein frå kvar sie strakt ut mot einannan. Tjukk som ein legg innmed bulen hadde ho endeleg kraft nok til å bera dei tie meter ut jenom lause lufta, o no i bestefarsalderen, 80-100 år gamle hadde dei nått ihop o helt kvarandre i eit traust o jartelegt handtak med lovna om aldri å sjiljas. Hadde eg vori skaldenOvid so hadde eg kunna fortalt ko de va for ein gud som hadde skapa om tvo elskande. Men tankane mine jekk ei annar lei; eg vart kløkk i hugen, for eg tenkte som alti når eg ser noko fagert, på deg, kjæreFedraheim. Om du og hadde vori slik at du hadde boi til o tøygt deg lite grand imot meg, so me hadde funni o forstai kvarandre, sjølv om de ikje hadde vorti før i livsens kveld so skulde min truskap, ha rukki til.


So mang ein gong som eg hev rett ut armane imot deg o sungi av fullt jarta:


      "Å visste du kossi eg deg lika,
       aldri i verda du kunn' meg svike.
       Å visste du koss eg lika deg
       aldri i verda so sveik du meg."


Men de e so eg heiltop må gråte, når eg tenkjer etter kor lite du i grunnen hev brytt deg om meg. No hev du vori jift i elleve år; seks år med den fyste mannen din, o endå han elska deg mykje, sveik du han. O meg hev du nok heller ikje elska med nokon varm kjærleik.


O eg som kunne ofre alt for di skuld, seie frå meg både "medhustru" o "elskarinnur", ja alt du kravde, bare du vilde elske meg lite grand; for eg e so bra ein kar, eg va de fulla verd. 


Men nei, eg ska ikje vera sentimental, eg veit du likar ikje de, men heller bare dreg deg lenger unda. Eg fær lite på de at når me fær vera tilsaman lenge nok, so lærer me tvo ogso å forstå o finne kvarandre.


* * *


      "Dansa min munk, å dansa min munk,
       dansa min nydeleg herre!"


Vil du ikje med de goe ser du, so ska eg nok få megga til a [sic] danse lel etter mi pipe. Men då ska de bli smell o svepeslag av og. 


Å du tarv ikje fæle, du ska få nok mat, ferskmat og. Eg hev nok dyr å slagte, ska du sjå. For endå e då ikje alle villdyra tynte i Norig. Uvette o meinkrekse o ovjegnir store som hestar, jilde bukkar som jeng att endå, smellande feite so dei snaut orkar lea seg. Småguten vågar seg ikje på dei han, jeng o siktar etter mysar o myhank o meinkjettur o slikt avåt, men me ska sikte etter storbukkane me, de e meir mon i de, når ein ska fara med byrsa likevel.


Ja no veit du vegen du ska gå gamla, dermed fær de vera nok med deg denne venda. Eg vil halde meg no eit bel hjå den som e gla i meg.


Du skulde sjå når me sit tvoeine om kveldane o de brenn på åren, kor heiltop huskoseleg ho e då. Ho hev ein lysande smil då frå øvst til nedst, so eg bli reint kløkk o mjuk om jarterota. Sjølv han Henrik Wergeland som e den einaste eg hev med meg, likar seg, der han kikar fram millom ljåen o luren o fela attom nokre einebuskur, o dei tvo reine flagda på veggen blakrar av gaman, for de e sopas pustehol i veggen, at dei lear seg ved høgtidelege tilfelle.


Når eg reiser utpå sjøen o dei raue gardinune e nedslepte ser ho ut so gråtande i augom som om ho lengta etter meg; o når eg ska reise frå ho for ålvor jer de reint vondt å rive seg laus.


III

 



"Suttam, duttam dei sudelidu o. s. v." Eg hev aldri havt ord for å vera nokon ovkar på fela. Men eg fer då med ho lel ja, o de e fyst, når ingen høyrer på, at eg kan få de til å låte.


De va ein laurdagskveld her, eg hadde jort ifrå meg med vask o stell åt helga, einestrått golve o lagt kveldsmålet på åren. Dagen va mest avleta, men månen va komen op, o ut på sjøen låg de som ein vev bortetter av blenkjande jidrande sylvband. Då måtte eg ringje in helga, tok ned fela o strauk Tomas Klokkeslåtten med linne slag på strengjine. O etter den kom de andre, o de bar bortijenom låttar o leikar, so eg ansa ikje på tia skrei, sat bare o såg på måneglansen uti vatne.


Men då eg hadde spela den slåtten: 


      "Ha du 'kje hoppa, so hoppar du vel no,
      vøre du 'kje galen, so flaug du 'kje so",


då va de som eg høyrde de skråva o braka av jønnskodde helar, likesom de skulde fara ein dansarly over tile, o frammed kvar vegg tykte eg de lyddes: "ha du 'kje hoppa, so hoppar du vel no, suttam duttam dei, sudelidu, suttam duttam dei sudelidu." O på åren hadde de brunni ut, de bare foor o skaut seg lause logar som tussekallar med blåkanta rauluvur o grinande naselange andlet. Då vart eg stird jenom glase o såg ei kråke sat på ein sjigardstaur, eg tykte so tydeleg, at ho ropa etter ein navar. "Ko vil du med navaren?" spurde eg. "Eg vil bora meg ein slee," svara ho. "Ko vil du med sleen?" "Eg vil køyre fore." "Ko vil du med fore?" "Eg vil jeva kyn mine." "Ko vil du med kyn ?" "Eg vil mjølke mjølk tå dei." "Ko vil du med mjølka?", "Eg vil yste ost tå 'n." "Ko vil du med osten?" "Eg vil jeva 'n Ivar, for 'n læt so vakkert i storstogun." 


Då eg reiste meg op ifrå benken, ska eg tru de vart folksamt, for de spratt mysar o langrovur borti kvar ein krok. Å kor sinna eg vart. Va de ikje eg då, som hadde fari i al dag klint med leir o steinar o trestykkje o tept att både mogelege o umogelege stair, o endå skulde dei koma in. No fekk eg då kveikt op på åren att o de vart stor jagt. Jau eg fekk sett støkk i dei lel, so dei lae til palings, o åt hole bar de med dei ei for ei. Tilslutt sprengde eg ein diger bløyg nedi hole.


Då de lei på natta o bar inmot morgosia, høyrde eg i draumen ein ljo for øyra. Fyst klang de bare som "suttam duttam dei sudeli du", men då eg lydde meg andvaken, vart de til kyrkjeklokkur, som ringde. Å no hev eg sovi lenge, sveiv de for meg, dei ringjer alt til kyrkje. Nei men kjære eg e då ikje i Kristiania, de måtte vera noko anna. Ja so vart de til ein buskap med bjølleskraml utafor glasa. Eg slo meg til tols med de eit bel, men so hugsa eg etter, at her ikje va kretur lenger hell, o med desse tankane arbeidde eg meg heilt vaken. Endå høyrde eg klangen, men no va de so tydelegt, at de jekk op for meg med ein gong, ko de va.


Eg sjyna altfor greit, at de va mysane, som helt leik oppi grauteblikfate mit, som sto på borde. Eg va ikje sein med å få meg op or senga, men eg såg bare ein rovetipp fauk bortetter. Då jorde eg fyst den lovnaen, at eg aldri meir skulde vera so fin på de, at eg auser grauten op i blikfat, anna et han av gryta, som eg plar jera som oftast, da [sic] både smakar han best, o der e eg sikker for mysane, for sjølv om de e langrove, orkar ho ikje kravle opjenom stettane o koma oppi gryta. So vart de eit jag på liv o dø, musa fyre o eg etter rundt ikring stoga, stundom såg eg bare ein svip av ho eller høyrde ein pip, men tilsist vart ho reint borte. Eg sette meg til å koke morgokaffen min. Men best som eg sat, høyrde eg ei skraping inne i skåpe, skåpdøra sto oppe, o ho hadde nok smotti in i nedste rome. Då eg kom dit, vart eg ingen ting var, sa tok eg op mjølsekken, nei ikje noko o sjå. Meiner du då ikje, at ho kjem krupande fram or mjølsekken, kvit som ein mjølnar, mest oppi handa mi o tittar på meg med slikt eit skøyarandlet, at om eg hadde vori aldri so harm, hadde eg ikje vori go til å drepa ho. Stakar, eg hadde stengt hole hennar eg igårkveld, før ho hadde fengi koma ut, so de va ikje under, om ho hadde stelt seg til lite grand huskoselegt med dei slaga, som eg hadde, [sic] Eg bare tok o slepte ho bortom bekken eg. Om de so etter mi ti bli kvite mysar sunna bekken, so veit folk no, ko de kjem seg av.


* * *


      "Å kom til meg, når eg kokar graut,
       hei durde, durde kokar graut.
       Å kom til meg, når eg kokar graut,
       so ska du få eta som ein faut,
             - fauteleia -
       so ska du få eta som ein faut,
             fauteladde."


De e bare morosamt å koke o stelle, eg hev ogso vorti utruleg fløy no, so de e ikje kvar gong, at grauten min bli klepput. Men rett å vaske op, de e ikje so greit; de ska no for de fyste eit stort tiltak, før ein jev seg iveg med de, o so e de heller ikje so beintfram, når gryta e full av gamal hard skove, ein veit mest ikje si arme rå med å få ho full blank, so de ikje fins flekk att. Men eg e aldri rålaus eg. Eg hev funni på ein måte, so eg slepp vaske gryta kvar dag o endå kan egeta graut til kvar dag. Dette skriv eg ikje bare til kyt av meg sjølv, men og til rettleiing for mange stakars kvinnfolk, som e overkomne med arbei. Når eg set på gryta, so kokar eg ho full med graut, då hev eg tri, fire dagar av same koka, o endå grautar eg meg minst tvo vendur for dagen. Eg trur ein sparar mjøle og på den måten, for eg hev røynt at grauten bli drug, når de li på trie eller fjorde dagen. Men du må aldri tru, at eg maular de same, nei då, matsjifte til kvar dag. Ein gong varm graut o kald mjølk, ein gong kald graut o blåsur mjølk, ein gong kald graut o tjukk mjølk, ein gong kald graut o opvermd mjølk, ein gong kald graut o rjome (de e no reint herremans kost de), o so hender de og, når eg e utiug o grauten hev fengi druglage, at eg slær i ein dram o set inåt o seier åt meg sjølv: "kan du klåre grauten, Ivar, ska du få ein dram." O om då so gale hender, at eg slær drammen på flaska att, når grauten e greid, so e eg like bli for de eg. Ja for i grunnen tek drammane seg so gott ut i den gamle firkantflaska etter ho gomor, at eg hev ikje jartelag til å hava dei nokon annan sta, o eg likar ikje å drikke, uta når eg heve selskap. Men eg e ikje meir huga på drykk, en at eg e likesæl, om eg aldri ser selskapen min. De e nok same karen, som Garborg skriv om i Kolbottenbreve sit, kom o freista han. Endå her tek han de på ein annan måte, styggen, snikjer seg inpå meg, so eg ikje merkar de e han, før han e langt inpå golve.


Soleis byrjar han:


Du Ivar, no skulde du til å rydje op denne hafelleveden, som ligg nede der, so du kunne få op att jerde, so du kunne slå deg eit kufor, so du kunne få deg ei ku o eit par jeitar o få eit kvinnfolk til å stelle for deg, so du kunne få de litevetta koselegt. Du skulde sjå til å få litt jildare stell, nokre fleire rom o ein buskap o ei lita fin kjering o ei ti, tolv småe vene våkar o vækjur borti alle krokar.


Endå sjynar ikje eg alti, at de e fusk o fanteskap. Men so tok han eingong til på heidne tonar å kvea for meg or Trymskvæe: 


      "Der jeng inmed garden
      gullhynte kyr,
      ålsvarte yksne, 
      presten til gaman.
      Fullt fær du av skattar
      o eignalotir.
      O ikje husfrøya
      heller du vantar!"


Då fyst sjynar eg, ko slag kar de e, o at de e eit feitt kall o ein glup prestegard han siktar på. Fekk han meg dit han, so va nok den karen nøgd, tyktes ikje hava nokon otte for meg då lenger, at eg skulde jera galnestykkje, som vahonom til mein.


Då som sagt e de stundom, at eg kan taka meg ein dram til å få mot, o so tek eg fela i skafte, driv til åt 'n o roparapage! eller: forda deg din stygging!


Meiner du då ikje, at han endå ein gong va so djerv, sette seg på benken, gliste o tralla åt meg:


      "Ivar lyt selje fela si,
             Ivar Matlaus,
       kjøpe tvosjjlingsstumpen
       o brennevinsdunken
       o flatbrauleiven
       o kinneklingen o lefsa."


Då bare eg spurde: "kan du slåtten, som den vonde tralla åt jenta, som drap båne sit du?" o tok til å spela o tralle den. Då vart han bljug, styggen, o smøygde seg utijenom døra. "Elles ska du veta, at de e ikje fela mi, de e fela hans Garborg," de fekk han slengt etter seg. 


Men endå høyrde eg han song borti skogen: 


      "Husk op i ring
       Ivar - guten min.
       Snu deg omkring
       sjulsåten min.
       Osten han va muggen, grauten han va rå.
       Kniven han va rusten, beit ikje på."


Eg glytte på døra o kva imot 'n:


      "Hå hå hå,
       veit du ikje rå. 
       Bryner eg på kniven,
       so bit'e han nok på." 


Då han sjyna, han ikje kunne målbinde meg, va de fyst at han drog sin veg for ålvor. 


Men eg jekk ut etter eit fangan hafelleve, lae på åren, vaska op gryta o sette på til ein graut, som eg meinte ikje skuld e bli rå nei. O til å lufte ut etter han visste eg ikje betre en å ringje med Tomas Klukkelåtten ijen. Då vart de bra.


* * *


De e ikje allstøtt eg kan vera i rome mit om helga. Som oftast bli eg tobaklaus o matlaus, når de li på eftasia om laurdagen, o då klyvjar eg den tome mjølsekken på bakmeisen o tuslar nedetter Svartlia til ho mor.


Å ja meiner du ikje han stend der att då i myrkninga, stundom mitt i vegen o triv etter meg, styggen. Eg sjynar gott meininga, men eg bare lær o kve i nokso hugheilt:

      "Den ti, då eg va liten
      o ikje kunne gå,
      då leika eg med jentom
      som litle katt med strå.


      No tyngjes min fot,
      no follnar mit hår;
      de fell'e meg so tunglegt 
      etter jentom å gå." 


Men når eg so kjem frampå Stormoen o' utpå Egga, set eg langeluren for munnen o ljoar ein lått på savalvis, so de svaras ifrå den eine lia borti den andre. O sea legg eg i med:


      "Rettno kjem' kulten tå fjellé
      kjem'e han heim til Klobakk.
      so kjem'e han in til stogumannen,
      o der so krev han på tobak.
      Suulu du dei, suuludam."


* * *


So vil eg bare til slutning fortelje deg de, at fredlysinga mi hev julpi utrulegt. De va soleis ei "gneldrebikkje", sat utpå sætervollen min o førde seg, som om ho va husbonde der, som du veit ikje eg kunne like - sea fredlysinga kom, hev ho vori borte. Likeins hev de jengi "ein ranglefant" o "ein tjuv o kjeltring" her ein dag, eg va borte, dei hadde bare kvittera på opslage mit på døra, at dei hadde vori der, men fredlysinga hev skræmt dei. Verre e de med kvinnfolka. Når de kjem slike in til meg, spør eg, om dei ikje hev lesi de, som stend på døra. Då lær dei bare. Eg tykkjer de e stygt å bruke den råe magta o kaste dei ut. So ska eg freiste med list. Eg set på kjelen o hev nedpå tri gongar meir kaffe end vatn; be dei so inåt o ventar, at dei ska til å jamre seg. Nei. So spør eg: "du tykkjer vel ikje han e sterk denne kaffen du?" Veit du so, ko dei svarar? "Å me e itte vane med å bruke 'n sterkare me."


De e rålaust med dei!


På grunn av både eit o anna, misforståing, bortforklåring o. s. fr. hev eg no funni de nausynleg å sende ut ei ny fredlysing, som både e sjerping av den gamle o dessutan ved si spesifisering vil vera tydeleg jamvel for dei ulærde o einfalduge.


      Fredlysing.


Inge berserkar o hamløypur o mannadreparar
- ukjurua, agaløysur o furtekrokar
- ljote gribbar, garpar o gastar
- øgne ufygle o vansjipelege utbordar
- avrekskjempur o ufrjonur
- draugar o vardyvle o ugosklege mannfolk
- ufryskje, o meinkjettur o tullutte kvinnfolk
- mekregaukar, einstapar o ovbodne sellar
- eiterblåsur, meinkrekse o jegnordige utangar
- ufyllefat, ovnøytur o fatalege slarvar
- ørvænur, voukallar o lovmykne sveggar
- omsætur, einhynningar o sure suggur
- tverbløygar, vriompeisar o bægne bøygar
- fordæur, nauarkillingar o yvne gaddar,
  Inge kjeftaukar, ørstjornur o andskræmelege våar
- benkjerekkjarar, ovoge bular o vaverhonn
- øsekollur, vetløysur o furelege fussar
- åljøyur, uvette o atalle travar
- åjøur, andyrjur o flikrelege fentur
- fækjur, fesjur o fleine fyrkjur
- farkar o flasar o fumelege flabbar
- floghamar, andjeinur o kjekselege køytur
- åhasige alvar o flerelege flangrur
- flosute flogsar o tuskelege tyttur
- yvjar o øyar o avlause åbrengjur.
  Inkje noko vrialt o ubeint o krokut o vrangt,
- - rialt o lonut o viprut o stramt,
- - spekje o spaklegt o tauglegt o tamt
- - fillutt o fantelegt, furdelegt, fælt
må koma i mit rårikje, for elles ska Dé få å jera med: 


Savalguten,
han Ivar Matlaus i storstogun nordi Roma i
Sandvikrøom inmed li' n 'punne klette
med Polem *),
han som hev staurar, stengar, spjut, rottekrut o so den seksløypte revolvaren åt:
den hin kroppen, grannekaren, han Ådne, husmannen min på Kolbotté, Kristianialiteraten.


*) -a, -e, -em, - n, -om e østerdalske dativ eller hensynsformir.
 
 
Etterskrift

 



Med kjærleiken millom Fedraheimen o meg jekk de so op o ned. Snart va me i håra på kvarandre, snart va me goe venir. Kor som va tyktes eg hava som ei kjensle av at ho va ikje i rett lag, anten de no va helsa eller trivnaen de skorta på eller de va armoa som gnog eller de va eg som ikje kunne vøle rett om ho. O då kom de for meg: du ska ikje bare tenkje på deg sjølv men og sjå til å stelle de lite grand etter som ho vil hava de. Kansje de kom til å gå betre om ho fekk ein mann som ho tykte meir om.

O so sette eg ut denne lysinga:


"Kunnjering.
Post ledig i Fedraheimen for eit greit mennesje:
Intektir: Kaldgraut, sild o jeitesjyr, vondord o skrubb o mot på live.
Utjiftir: Ei krone dagen i skatt til Fedraheimens fatigkasse.
De nyttar ikje å melde seg, kan du ikje gå for lut o kaldt vatn o, om de so skulde råke, liggje i hi, suge på labben o tære på holde.
Du må kunne koke supe på turrgrankvistar o danse i sokkeleistan på hafellstaurom.
Du må kunne gråte gamle ullfillur over Verdens Gangs dårlegdom.
Du må kunne morosamleiken: kvesse pinnar o stinge augo ut på kvarandre.
Lysthavende må jera melding åt vegen, med de endå e sjikkelegt føre." 


Eg venta lenge på at de skulde koma nokon å melde seg. 


Tilslutt kom de ein liten "Vestmann", o då han va total avhaldsmann både i mat o drykk å kalle so slo eg til med ein gong. 

Vel hadde han ei avis-kjering før. Men tvo kjeringar i eit hus va då bare bra for so kunne den eine låne koppar o kjørald av den andre o båe bli jelpande. Men de beste ved han va at han hadde med seg ein kar med eit prenteverk som ikje va større en at han bar heile greia på nakken. Om typane va so gamle o utslitne at dei vanta både hovu o bein, ko jorde de? når ein bare lae litevetta govilje til so kunne ein nok greie de lel.


Dei tvo kjeringane vart fælt gott forlikte, den eine lånte av den andre, so dei kunne snart ikje sjilje mit o dit, o utjiftine vart so småe som dei aldri hadde vori før.


De merkjelege va bare at intektine vart endå mindre.


So va de ein dag eg råka lensmannen som va nærmaste grannen vår. Han va svert ålvorleg men de va liksom de log inst inni augnekrokane hans.


- E de snikkar han du hev fengi med deg borti stoga di no? spurde han.


- Nei, ikje de eg veit.


- Ja eg veit ikje eg hell; eg høyrer bare folk seier du hev leigt han til å laga likkjiste åt kjeringa di.


* * *


Å jau, han vart sannspådd. Ho skrukna ihop o fall utor ti for ti, o lenge etter va de ikje før"Fedraheimen" vart under torva lagt.
 
 

Frå Ivar Mortenson: Svall 1879-1898. Kristiania: Bokreidar Bertrand Jensen 1898.
Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.