Olaus Fjørtoft

(Minnestykke, 1929)

Av Ivar Mortensson-Egnund

Eg sviv åleine på vegen ein myrk kveld.
       Brått gjeng ei dør upp. Ein straum av ljos og gneistar stend ut yver vegen.
       Eg ser beint inn i ei smidje: logande eldsprut frå avlen og gloande, sprakande jarn. Smeden stend heit og onnug millom sine sveinar. Det smell kvasse slag på stål.
       Eg stansar klumsa. Då gjeng døri att.
       Natti er kald og svart som fyrr. Men bilætet gløymer eg ikkje: eit andlit klårt som ein tanke, og augo var som eld. 

---

       Alt det han smidde på, ikkje noko var heilt ferdigt. Og likevel lyser minnet um tankesmeden, som um det var ein eld-gud han vøre.
       Med eldskrift stend det: "Samlaget Fram". Det var Fjørtoft.
       Han var "samlaget Fram" i Norig i si tid.
       "Rått og rote skal med rotom rivast." Burt med alt som daudt er. Livsens sanning skal fram.
       Nytt mål for nye tankar, det er målsaki. Mange ord hev han ikkje sagt.
       Men eitt ord til vissa er det som tonar med manande makt. Der han viser menneskja til meisteren yver alle meistrar og segjer um honom:
       "Han skal sjølv tala."
       Jesus skal tala, det livande ordet, sjølv skal han tala. 
       Fram med manns-makti! Burt med alt som stengjer!

---

       Men ikkje til flokken nyttar det å tala. Berre til den einskilde.
       Soleis kvad ærend-sveinen for nye tider i Norig. 
       Og det gjekk ei kraft ut ifrå honom. Maktstolen vart han sjølv. Men krafti ho liver. Krafti kjem fram att, kvar gong bondeguten hamen kastar og tenkjaren vaknar. Greidskoren og klår stig han fram med pågangsmakt, let hildr kverve og sanning ovrast.
       Fram, fram gjenom brot og brand til dei store, sterke sanningar! Soleis lydest det enn frå tankesmeden, med sprakande gneistar kastar ljos ut gjenom natti mot ein ny dag.

(1903.)


Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad