Kor fuglane jer av seg om hausten

(1898)

Av Ivar Mortenson

(1889)

I

Eg tykte de skulde vera moro å røyne ut kor de i al verda bli av fuglane om hausten. De er so fullt av dei om somaren men når de lii på so e dei borte annakvar ein, ja vel so de.


So såg eg ut leia dei foor på, o tok etter, endå eg fælte for at eg kunne fara gale og, for eg e no so tung i føtane at eg lyt halde meg på jorda o strende etter ho, eg.


Jau eg gådde at eg helt rette kosen lel, då eg kom ut i Drøbakksunde. For der foor de nettop ein flokk med grågås same vegen, o leia tok dei so beint som om dei foor etter kompasen. O ein va styrar der som på eit anna sjip, den som va klokast o kunnigast; men jorde han noko lel som dei ikje tykte bar rett til, so va dei ikje seine om å sjifte ska eg tru, eller so bare sjilde dei seg ifrå dei som va misnøgde.


»Ja bare me no kunne halde fylje då«, tenkte eg, »men Dé kjem vel til å trøytne på sjøen, ikje større karane en Dé e». Å nei, de vart ikje lang fyljeskapen. I frå di me såg flokken langt bakafor os o til me bare såg nokre hundra stuvar langt framafor os jekk de ikje meir en eit lite bel, o de endå me sette stimen på so hardt me kunne. - Eg hadde då aldri kunna tenkt lel at mannamagta o eimkrafta o al heimssens insjenørhegd va so lita at dei ikje kunne kappas med ein gåseflokk ein gong. Då sto de fyre meg at hadde me havt vengjir hadde de vori betre. O eg hadde so nær sukka o klaga til Gud for at han ikje jorde mennesja fløygde, hadde eg ikje hugsa på den luftsjiparen borti Rusland som datt i sjøen o drukna.


Seig o skrei jorde de då med os og, so me mona os meir o meir utpå blåmyra.


De hev noko lettande ved seg å sjå Norigs land lågne bort o litt om senn avletas o blåse vekk som ein sjydott på himmelen. Jau de vart slutt på deg lel no, din lange skank, tenkte eg o lo med meg sjølv, då havsyne tok lande bort. Eg hev stræva med deg både på tvers o på langs o aldri ende på deg funni, men no laut du jeva deg lel, di gamle gråe kjelle.


Andre morgoen nådde me att fuglane, då hadde dei sleji seg ned til å kvile ned på Sjælland; men me foor byrge viare, me trengde ikje om å kvile me.


* * *

De va ikje lang stunda de va fri sjø. Skuta støytte snart mot land att, ja ho freista vel so gott ho kunne å koma jenom nokre tronge sund o elvefar, men so vart de svere jønnbruir tvert over elva so ho kom ikje lenger. O folk jekk på stranda o alle tala dei som om dei hadde varme jordeple i munnen. Då sjyna eg at eg va komen til Tyskland.


So jekk eg der eg då med bakmeisen på ryggen o svinga o smaug o skulde liksom rettleie meg, so kom de ein kar bortåt meg o vilde veta ko eg hadde i skreppa.


»De sjil ikje deg din tyske...de«, meinte eg. Ja eg lét munnen op på tysk då o sae de so høveleg som eg kunne.

»Jau eg vil veta de eg«, sae hin, o vil du ikje, sa ska du«.


»So! Kvittar de deg ko eg ber på ryggen? E ikje eg frikar o min eigen herre, o stend ikje eg på Guds grøne jord her liksovel som heime, o kan ikje du vera like feit for de om eg hev ein gobit med meg«?


»Du treng ikje vera so djerv i ordom«, meinte han, »for du ska veta at eg e kongeleg, keisarleg tollar eg. - Men du fær fylje meg du, for du hev vist ikje reint mjøl i posen e de likt«.


»Mjøl«, sae eg, »nei eg trasar ikje slikt med meg. Eg hev de som likare e, eg hev smør eg«.


»Smør,« sa han o flirte fult.


»Ja, trur du ikje de, at me hev gott smør i Norig, so ska du då de få kjenne,« o dermed tok eg op smørøskja mi. Me då han fekk sjå den skreik han ende over seg. De vå då altfor mykje smør for ein mann; med de kunne eg reise jenom heile Tyskland både att o fram o hit o dit o ikje endå trengje kjøpe ei einaste mork tysk smør, o «kor ska keisaren få skattar av bonden til alle soldatane sine, når bonden ikje fær selt smøre sitt« sae han.


Men då tok eg bare o skar av eit oste­stykkje o lae på tri gong so mykje smør som de va ost o åt de op beint for augo hans.


Han tagde seg då. Han tyktes forstå at han hadde ein nordmann fyre seg o at vilde eg halde på å eta so al tia vilde ikje smøre rekke stort lenger en åt Berlin.


Dermed so tok eg bakmeisen, sette meg i vogna o ba dei køyre på, o om eit lite bel so va me i Berlin.


Der sto Bismark under ei lind, han såg vond o grusten ut. Men han vart bliare lel då eg kom bortåt.


»Nei, kjære e savalguten ute o fer då?« sae han; »eg jekk nett o reika o såg etter den ryske zaren eg, han e so smått ventande. Du hev vel ikje set noko til han veit eg ?« sae han. 


»Jau,« sae eg, »me foor framom han oppi Øresund, han låg der med skuta si, o dei dreiv på spela o dansa o kjætte seg som om inkje sto på.«


»Ja, han kjem ikje idag då,« meinte Bismark,« so ska me gå in o få os eit glas øl, moro å røe litevetta,« sae han.


Men eg brydde meg ikje om å jeva 'n rett greie på alt som budde i meg, der i sjølve Berlin, forstend seg. »Nei takk,« sae eg, »eg vil drikke bayerøl, o eg e ikje trygg på at dei ikje fuskar med bryggjinga før eg kjem til Bayern. O elles so kjenner eg meg ikje rett i lag i ein slik by, der ein ikje fær lov å ha so mykje som ein tollekniv i beltereima,« ropa eg med de same eg sette meg i vogna o slo på hesten. Eg vilde han skule høyre de.


Dermed so slengde eg meg over til Bayern o kravde på øl. O eg fann at de va både betre o billigare en de bayerøle som dei lagar i Kristiania. Endå, vil ein bli bråøren då jer ein de snøggare i Norig. O ko anna e de vel ein nordmann drikk for en å bli øren? då fyst kan han jera ko som fell han in, slåss o bitas o vera kar uta at blugskapen ska meinke 'n for mykje. Men her drikk dei til å koma i golag eller til å reinske måle sit, soleis som ein prest som sat på ølstoga o tok sine 3 liter for kvelden. Men so va han og overlag når han kom på stolen, han lae ut teksta so greit o tydeleg at du kunne sjyne de om du aldri hadde høyrt tysk før.


Då eg kom ut att av ølstoga o skulde til å glose meg ikring, so va lufta full av syngjande star, o utover alle jorde va de uhorvelege flok­kar av kråkur, men ho va ikje grå her som i Norig, ho va kolande svart, o ikje let ho likeins hell, o ikje kalla dei ho for kråke hell her, dei kalla ho for ramn.


Men alle vejir o stræte va fulle av soldatar; dei såg alle saman snilde ut, o dei held de bare for jildt å gå i samfulle tri år o tene ein sinnsjuk konge; krig e de ærefullaste folk kan tenkje seg. Difor ser ein og alle samlingar e fulle av manande krigsminne, sjølve kyrkjune e utmåla med kjempande hærar.


Dei hev kattevillskapen med glæe i å sjå pining, liding o dråp; men når inkje stend på hev dei og de blie, kjælne huglynde av katten. Soldaten som ligg i garnison utover lande e de fredelegste mennesje. Han drikk øl o e i golag o jer seg venir med både kar o kvende. O jentune e snilde o leikar med desse fagre blåklædde gutane.


Ja kvenda her e snilde, dei trælar o slit so lang som dagen e, på åkren, på låven, med vedhogging; dei e med på vegarbei o på muring, ber tunge byrdar med stein op etter svimrande stegar - alt saman for at ungguten ska få gå fin o tene kongen o dei eldre hava noko å vende i øl. O endå seier ordtøke: når kona di døyr e de leit, når kua di døyr e de verre! Men kvinnfolka e som katten, om du sparkar til han e de ikje lenge han furtar, han kjem fram att o e like kjælen.


Ja kattekjælne e folk; dei hev ei go o vokstrik jord, ligg so attmed omnen o drøymer småe koselege draumar. Verda e ikje større en stoga dei sit i. O her nede e ikje slike storstogur som i Norig, med klår luft o syn ut over store viddir som skapar klårleik i tanke o stål i hugen. Lufta e mett o dim, om de tykkjes vera klårt kan de hende at ein ikje ser sjilleg halve mila; alt e som sveipt i eim o moe, o dei store ni tusen høge alpefjella e bare nokre sjildreverk i bakgrunnen som på eit teater.


* * *


Tyskland e ikje stort, de kan du sjyne av de, at på eit jamdøgr fer du jenom heile lande. Då e Norig anna slag, der ein treng eit par dagar bare til å koma frå de eine bygdelage til de andre. De tek lenger ti å koma over fjelle frå Gudbrandsdalen til Østerdalen en frå Danmark til Italien. For mine augo e kvart land her å rekne bare som ein gard, for her rek ein landemillom snøggare en ein mang ein gong rek gardemillom heime.


Eg vart huga til å sjå borti grannestoga eg då, må veta. Tok so eit par lange steg o va innafor døra iSveitserlande.


II


De hev noko lettande ved seg når du fer over Bodensjøen o hev Tyskland i ryggen o Sveitserlande framfyre deg. Du kjenner deg både so fri o so rik.


Rik kjenner du deg vel og, når du reiser frå Norig til Tykland, men aldri fri, dersom du hev de minste på samvete. Men med rik­domen hev de seg so, at når du byter til deg dei tyske pengane fær du 110 mark for 100 kronur. Om du då turar bort dei 10 mark so kjennes du like rik, for ei mark jeld på lag likso mykje i Tyskland som ei krone i Norig. Men dersom dei tyske pengane dine tek til å minke for hardt kan du få hundresetelen like heil att når du fær byte til deg sveitser-franken. O so desse sentimane, dei e so ørende småe o nette. Ein l0-sentim, pyt, ko e de? de e ikje so mykje som ein 10-pening; o fyst når de kjem op til halvannan frank, svarar de til ei norsk krone. Men so trillar han og so fort som ei firjulvogn for tvo hestar, o den italienske lira fer same vegen for ho e jamstor med franken o jeng like ratt som han.


"Sveitsaren må tene pengar," seier eit gamalt ord, o de e visst, intekt jer han seg av alt mogelegt. Han reknar al ting ut i pengar. De e sjelda du ser på plakatar dei orda at de e "forboe" eit eller anna. Her heiter de bare: de kostar so o so mange frank å leggje frå seg papir i denne parken, å gå over dette jorde kostar 5 frank, drikk ein hest av dette springvatne kostar de 2 frank o. s. v. O slikt e nokso greit, so veit då både folk o fe ko dei hev å halde seg til.


Ja at de her va anna slag tiltak o tankar hjå folk en i landsbyane i Bayern de såg ein bare ein gav gaum på felagane sine i vogna. De va meir ein svep af dette sjølvberga o gløgge men og noko byrge som me ser hjå bøndane i Norig. Med fridomen fyljer de meir sjølvvyrdna o med den reformerte trua meir tenkjing, men so vil de og hange med noko meir hardt o kaut o sjølvgott, i alle fall ikje denne umåtelege bukking o orsaking o fyrebering o be-ing som du møter i Tyskland o som ein stiv nordmann reint bli trøyt av.


Alvist folke iZyrichhev orde for at dei e noko staurvorne. Når ein Syrik-mann kjem in på ein kveik (restaurasjon), heiter de, o han ikje ser nokon som han kjenner, so set han seg helst ved eit bord der de ingen annan sit. O dette bli nemnt som noko løglegt. I Norig e de kansje eit sjeldsyn om ein framand ikje set seg ved eit bord for seg sjølv. Men ein nordmann tykkjer jamvel her at folk e mykje meir beinksame i tale o åtferd en han e vand til. Ved de at dei ikje e altfor mjuke kjenner han seg bare meir fri o heimeleg. Ein framand kar kan sitje meir i ro i jønnbanevogna her; i Tyskland råkar ein til å høyre at skravla går på alle som i vogna sit om dei e aldri so ukjende, so ein tykkjer mest de e leit når ein ikje kan skråle med. - Men her fær ein gå o rugge i fre o stelle seg som ein vil uta at nokon forstyrrer ein, endå de hender nok her og, at når ein vil slå seg ned i ein still krok på ei kveikjestoge, so seier jomfruga: »Vil ikje herskape heller setje seg in i de andre rome, de e ikje so auslegt der.« Tenk at saval­guten bli kalla »herskap« i fridomens o likskap­ens land! Men han må spyrje opatt lel, før han fatar at med »herskape« e de meint hans uvande skapna.


* * *


De e morosamt soleis å koma til ein ny by o eit nytt land o reike kringom o heimsjå seg uta at ein treng å lyfte på hatten so lang som dagen e. De e ikje de slag langsamt, for de e noko nytt å leggje merkje til kor ein kjem.


Elles e de so at når du set ein nordmann in i eit framandt folk kjenner han seg i fystninga like so bortkomen som ei synål i eit høylass. Å koma til utlande e mest som å hoppe kav åt sjøen, ein ligg o kavar ei stund millom byljune, før han sjyt op att; men når han so fær rette hovue i vere o sjå seg ikring so kjenner ein nordmann med, at han då ikje e av noko folk, som han treng å skjemmas av. Endå eg kan ikje seie anna, en at eg ingen ting visste å rose os av, når sveitsarane tok til å spyrje meg ut om den vijetne fridomen vår. De va i grunnen bare ein ting eg hadde å seie, nemleg, at han Bismark ikje hev sett so mykje som labben sin på dei norske fjella; for både jødar o anarkistar o frelsehærar jekk på frifot o fekk spelrom som anna folk der nord.


Ein ting fælte eg for, at me nordmennar måtte ha grunn til å ovundas på sveitsaren for, o de va fjella deira. Men eg hadde ikje vori der mange vikur, før eg røynde at de va inga nau i so måte. Sanninga fann eg ut å vera den, at de e mykje mindre med fjell å sjå i Sveits en heime i Norig. Når ein korkje ser sol eller måne men bare svarte skodda som kvelver seg som eit tak tett over hovue på deg kvar skapte dag, i månesvis - ko jelp de so om de e aldri so staute, drustelege o himmelske fjell, når du aldri fær sjå venleiken deira. Nei takke meg til Trån o klettane o vordane kringom Tynnset då; endå dei bare e smågutar i høgde imot «Jomfruga« (die-Jungfrau) o alle kjempekultane der nedi, so e dei so mykje meir lang­tekkjelege o trugne, dei som e like solbjarte o fagre både vinter o somar.


Men so hadde dei ein ting i Sveits lel som eg misunner dei; dei liknar some folkeferdir i Norig i de nemleg, at om dei hev det nokso svart o stygt i setustoga, der dei held seg med arbeie sit, so hev dei ei opblenkt o jild «ivistoge«, der dei kann halde til i fristundine. Heile Nordsveits hev ei slik blank »ivistoge«. Ein treng bare gå eit par hundra fot opetter nokre fjellstigar - eller e ein makeleg so let ein eimhesten draga seg eit korters ti - o då e de plent som ein stig op jenom ein lem i take; sjyine e liksom fasthekta atti bergveggen, jurde fast i tre o buskur, o de e ein våt stram tev, so du mest ikje kan ande; om de e mitt på dagen ser du bare nokre steg framfyre deg; du ynsjer, at du aldri hadde jevi deg op i slik kallegheit, for dette bli bare verre o verre di lenger du kjem. O du e alt tenkt på å snu, då du bli var slik ei underleg lysning i tretoppane; du stig endå nokre fet, rundt deg e skodde, men dei øvste greinir e sollyste; endå nokre steg, o du e komen oppå treve. Rundt ikring deg eit endelaust sjyhav, der du kjem stigande op som ein annan botnfisk o bli som blenda av luft o sol.


Når du stend oppå de vesle berge ser du rundt ikring under deg eit byljande sjyhav med skavlar o båredalar som på eit anna hav, men meir fantastisk med ei uro o vekslande formir, uta den jamvegta som eit vanlegt hav heve, hivande seg att o fram, riande etter berg o tre, men uta havsens vanlege dun o dynjing, [sic] Ender o sta bortetter sting det åsryggar op som småe holmar, elles tykkjes de ikje vera noko fastland millom Jura i nordvest o Alpane i sør. Jau Appenzellfjella Sentis står der lik Rundane for seg sjølv o peikar imot sjy. Ein kan ikje seie anna en at Alpane e ein go mon høgre en me e vande til av fjell i Norig, o når dei sto der i rekkje o ra altifrå Graubunden ned til Bern med tindar o stup o jøklar o glima i kveldsola med ein rau o fiolett glans som e ukjent i Norig, då måtte eg med sanne, at fagert va de, o at slikt hadde eg ikje set før.


De berge eg sto på va de so klent to i, at bare eg tok borti, so reiv eg laus store stykkje. Ein landvinnar kunne for den sak skuld jenne ha bortført heile fjelle. E de so klent to i Alpane og tenkte eg med meg sjølv, so jev eg ikje mykje for dei; kjem de ein retteleg vindgufs, so kunneFinsterår oJomfrugasnart misse dei fagre granne honna sine. Eg hadde liksom ikje fre med meg sjølv før eg fekk koma nærmare bortåt o kjenne etter.


Eg smaug inni ein trong fjelldal i kanton Glarus, vilde koma sa nær storfjella, at eg fekk kjenne på dei. Å, jau eg fekk sagte sjå berg der, dei rette seg ei 6000 fot i ein strak bergvegg ende op frå dalen, o inover til toppane va de mykje høgre. De va kjølslegt å sjå, for de va ikje bare ein sta, men til alle siur stengde de med storfjell, som ikje jekk o tøygde seg i lange band som i Norig, men reiste seg hovu ved sie av hovu, o føtane sette kvar tå kjempom fast i dalbotnen.


»Me sveitsarar e grove folk", heiter de. Fjella deira, som eg såg, hadde de på same måten. De va som dei ikje hadde havt stundir til å fjelge seg sjipleg, dei såg ut some av dei, som om du skulde ha fari med ein næverkam på ein smørklepp. Nei då må eg seie, at høine våre i Østerdalen e nokre som ser meir på pynten, sa rundsvarva o vene o skartelege.


Korsa fann eg då likevel, at dei sto nokso fast på foten desse alpane med, o at de va ikje so snart å reise av med dei. De som sveitsaren ser mest på de e i grunnen å spare, spare på rom. No tykte han de skuld e vera jilt å ha nokre fjell, so han kunne ha noko å syne grannom sine o vel med for at han skulde spare byggje festningar mot fiendane. O so tok han alt o skuvde ihop på ein liten plass, so de måtte tårne seg op i høgda. Han lét dei sagte ikje få flyte so utover de heile, som me øyesame nordmennar jer, ska eg tru.


Men so hev han ikje desse vie fjellmarkir som lyfter seg hjell over hjell, som heime i Norig, med luft o veråtte av alle slag, so kvar kan få sit nøje. Eg tyktes i de heile få den kjensla at dei utalandske fjella e meir til åsjå på, einast dei norske fjella e til åbyggje o bu millom.


* * *


Eg fann att grågåsflokken her nede i Sveitserlande, han foor ein dagen o krinsa i ein rund ring over Zyrichsjøen o va nok hugvill anten han skulde draga lenger eller slå seg til ro. Endeleg bar de avsta.


E du ikje endå fornøgd du, tenkte eg, her e då grønt på marka o lauv heng att på trea endå de e mitt i november, o fint nok e her då ska eg meine.


De e rart med de, likevel drog de i meg at eg skulde setje etter. Men so e de slik ein ustyggeleg høg fjellgard mot sør, o der e de drivande kvitt av snø o eg hev gosjine mine standande att heime.


Dei seier nok at ein kan krupe i eit hol tvert jenom svarte fjelle, o de hole ska vera eit par mil langt. Men før eg vågar meg in i slik ein skomeheim før stryk eg beinast til Norig att då.
 

Frå Ivar Mortenson: Svall 1879-1898. Kristiania: Bokreidar Bertrand Jensen 1898. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad