Kjempune paa Dovrefjell

(Folkevise, 1920)

Gamall gløymd norsk folkevise, attfunni i Danmark


Omsett av Ivar Mortensson Egnund


Paa Dovre-fjell i Norigs land
kjempur hugheile var i sann.
Men kven skal føre vaare runer,
um me dei sjølv ikkje raar?


Byrge kjempur paa hallar-golv
dronning Ingeborgs brødrar var alle tolv.


Den fyrste kunde vende véret med si hand,
den andre kunde stille vatn som rann.


Den tridje han fór under vatn som ein fisk,
den fjorde aat aldri maten over disk.


Den femte han kunde gullharpa slaa,
alle som høyrde laut danse daa.


Den sette han bles i gyllande lur,
og alle laut gruve som høyrde slik dur.


Den sjuande kunde under jordi ga,
den aattande dansa paa bylgja blaa.


Den niande dyri i skogen batt,
den tiande aldri han sov um natt.


Den ellevte batt lindorm i graset laag,
alt det han vilde kunde han faa.


Den tolvte han var so vis ein mann,
han visste kva som hende i framande land.


Og det vil eg segja for vist og sant,
deira likar finst ikkje i Norigs land.


Og det vil eg segja dykk med eit ord,
deira likar finst aldri paa denne jord.
Men kven skal føre vaare runer,
um me dei sjølv ikkje raar?


Denne visa som hev vore sunge i Norig (helst etter kjempe-boki eller Peder Syv) med tone som finst i Lindemans «Fjeldmelodier» nr. 324, hev eg samarbeidt og umsett etter fleire danske uppskrifter i Sv. Grundtvigs danske viseverk, der det blir meint at det som er uppskrive er berre eit brot av ei utgamal vise som vonleg hev fortalt baade um storverki til dei underlege tolv brødrane og um dronning Ingebjørg. Der er likskap med nokre tyske segner.
 

Frå For Bygd og By. Nr. 16. Sundag 15. august 1920. 9. aarg. Kristiania 1920. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad