Jørgen Moe

(Dikt, 1929)

1813 - 22. april - 1913.

Av Ivar Mortensson-Egnund

I frå skogen var han komen; 
dåm av skogen bar han med seg, 
dåm frå store furuskogar,
der som kveldsvind ljuvlegt susar, 
frå dei store furumoar,
der dei gamle kjempetrei
lyfter drustelege kronur.
Midt i skogen er det glennur,
rundt ikring er høge borger, 
tre ved tre med gule leggjer, 
og dei tøygjer sine toppar 
saman liksom augnebruner, 
og dei dreg seg vart til sida 
for det store drøymar-auga, 
som frå jordi upp seg vender 
upp mot bjarte himmel-blåen, 
som forunderleg seg teiknar 
for det auga som der vaker 
for den sjæl som midt i lyngi 
midt imillom grøne 
mosen inkje ansar midt i stilla
enn dei skyene som driv,
der som himmelen er open, 
enn dei stjernune som strålar 
einsamt d'er som auga peikar, 
inkje ansar utan stilla,
stilt so kvar ei tonebaare
frå dei høgre heimar høyrest,
der den bratte himmelstigen 
englar svive upp og ned, 
snart for øyra fagert spelar 
snart for auga berrlegt syner 
korleis allheims liv er laga, 
korleis allting skjelv og bårar 
linnare enn kløkke skog-sus, 
mjukare enn langtfrå å-brus. 
Eine der konvallen lyder, 
eine der konvallen skodar,
opnar alle sine sansar,
tagalt let dei fjerre ljodar
strøymande frå ånde-strengjer 
borne ned på kvar sol-stråle, 
suse gjenom alle nervur, 
skape hugen til eit bilæt
av det fagraste på jord, 
fagrare enn alt på jord, 
fagert einast som i himlen 
bljuge englar syng til harpa.

*

Dåm frå skogen bar han med seg. 
Skogen kann so mangt fortelja, 
skogen gøymer det som gløymt er, 
skogen mullar draume-kvede. 
Leita vel so finn du tonen,
leita vel so finn du ordi, 
spreidde ut med alle vindar; 
lauv for lauv må sankast saman, 
sankast inn frå alle dalar,
der det enno gjeng ein ljom att
av dei gamle fedre songar,
der det endå vert sagt sogur
ifrå einfengd båne-tid,
då det hadde liv og tala
alt som tykkjest somna av
i den kalde mammons-ridi,
i den kvasse strid for dagen,
i all during, smell og surring 
frå dei mange småe hjuli,
so det store livsens hjulet 
ingen høyrer, ingen ansar, 
utan den som djupt i tankar 
lyder etter sus frå skogen, 
lyder so han aldri gløymer.

*

Sus frå store myrke skogar, 
sus frå blåe himmel-vidder, 
det som anga aldri såg,
det som øyra aldri høyrde. 
Innanfyre ordi låg det, 
innanfyre sjølve tanken 
hugbljug som ein blome-knupp; 
men det anda gjenom ordi,
og det bivra ifrå lippom
og det glødde ifrå augo, 
hjartestrengjer kløkt der bivra, 
hjartestrengjer lo og gret.

*

Ofte ansa eg 'kje ordi,
men eg høyrde hjarte-strengjer 
kor dei bivra, lo og gret.
Og dei lærde meg å lyde, 
med eg gjekk i ungdoms vår, 
etter livsens under-strengjer. 
Og dei gav meg høge lengslur, 
og dei sette mod i bringa, 
mod for meg, for Norigs folk. 
Leita, bed, so vil du finne
skattar løynde, underfulle, 
i deg sjølv på inste botnen, 
der som samvits-tonen ljodar 
med ein ljom av guddoms-ordet 
som i kvar ei sjel er lagt. 
Skattar løynde djupt i folket, 
gravne djupt for at dei klåre 
ein gong henta upp i dagen 
skal fortelja og skal mane, 
den tid Olrun lilja vaknar,
ho som sove hev so lenge, 
mane til at heile livet,
Norigs liv skal få ny vår, 
vår, so Davids-harpa jamvel 
tone kann med alle strengjer. 
Inkje berre understrengen, 
men med full-høg tonebragd 
det som barst deg for som hugbod, 
dette hugbod som eg gøymer, 
dette hugbod som meg manar 
dette hugbod som meg lokkar; 
gjenom mannen, presten, skalden, 
alltid dette same talar,
der det anda gjenom ordi,
der det glødde ifrå augo,
der det bivra kringum lippom, 
hugbod ifrå Gud i høgdi
um kva me skal liva på,
um det som skal ætti draga 
fram på rette livsens vegen
til dei ævelege mål, 
ja til ævelege mål.

*
Jørgen Moe, du vel hev tala, 
for du tala til mitt hjarta. 
Jørgen Moe, du vel hev livt,
for du livde for det folket
som var med deg, som skal koma. 
Difor skal ditt minne vara.
På din hundrad-årmåls-dagen 
skal det norske folket samlast 
kringum namnet ditt det hæve, 
gjeva gaum på ålvors-mannen, 
skode fram og sjå attende.


Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad