I vanda stelt

(Dikt, 1929)

Av Ivar Mortensson-Egnund


Kjem eg te by'n, dei meg kallar bonde,
og kjem eg heim er dei heiltut vonde,
dei gjeng og hæer og seier «hå,
han vil nok låst vera bykar no.»


Eg veit meg aldri i mine dagar,
eg skynar ikkje koss det er laga;
dei flirer åt meg um eg er der,
men neimen um det er likar' her.


Å, det er spelegt so burt seg vende,
at han 'kje veit kvar han trygt kann lende,
men ligg og dreivest for kvervel-vind.
Ein skal aldri flangre burt hugen sin.


(1878.)
 
[Note:]
Hæe, spotte.
 

Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad