Hugen leikar

(Dikt, 1929)

Av Ivar Mortensson-Egnund

Hugen leikar i bergom nord
og ut gjenom bygdene vie.
Tru kor ho sviv'e den drosa ven,
som leike skal ved mi sie?

Hugen leikar i bergom nord
og ut gjenom dalane vie.
Tru kor ho sviv'e den drosa fri,
som svarar meg med blie?

Sola skin upp på høge fjell
og ned i dei djupe dalar.
Og tru då gjenta vil svara meg,
um eg til henne talar?

Sola skin upp på høge fjell
og ut over øye heiar.
Ho er ikkje go å gilja den møy,
som allstøtt svarar med vreie.

[Note:]
Dros, fint, drusteleg kvende 


Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad