Helsing frå dølom til Kong Haakon

(Dikt, 1929)

Av Ivar Mortensson-Egnund


Høyr meg Haakon,
høge drotnen,
kva Dovre-skalden
frå dølom mæler.
Eg bodir ber deg
frå bonden fram.
Velmeinte ord
du inkje vande. 


Gamle-karane
greidt me minnest.
Høge Haakonar
her hev gjengi.
Um konge fer fram
i fare deira,
då han tekkjast
vil Dovre-gutom.


Her framand hovding
hev heimvist fengi.
Ukjend mann
hev audkjend vorti.
«Alt for Norig»
eit ord du sae.
Me hugheilt handi
til helsing gjev deg.


Når god er viljen,
då verk er halvgjort.
Kongstanken høg
Haakon vigsle!
Hug gjev hagleik,
når høgt ein stemner.
Ny-gror i Norig
no me vonar.


Rettast rake
skal ryggjer bøygde,
når hovding-halli
vert høg under ås.
Kjøne og keike
kjempe-gutar
vil 'kje skallen støyte,
når dei stig fram hugheilt. 


Høgt er merke
heist, det forne,
blank i eggi
bila lyser.
Gamle-æva
skal yngjast å nyo.
Arv frå fedrom
du framdjerv lyfte!


Hender hage
halde i sleggja
og styre slagi
med sløgd og dugleik!
Alt ser eg gløde
grjote harde;
brånar malmar
or berge stokkne.


Brostne baugar
kann bøtast endå.
Sterk du smide
sogu-ringen,
so gamle Norig
greidt må sanne:
vår eigin konge
er komin til gards.
 
 

Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad