Geiti pussar sitt fine skjegg

(Dikt, 1907)

Av Ivar Mortensson-Egnund
 
Den gamle stevtonen.
 
Geiti pussar sitt fine skjegg,
ho gled seg i all den sumar:
«Eg veit ikkje større moro, du,
enn bita toppen av blomar.
 
 
Eg ser so mange gjeng ikring
og bryt seg med sorg og møda.
Det er visst tungt aa liva so,
og slita for maten og føda.»
 
 
Bukken, gamle visdomsmann,
stig fram paa ei ufs og talar:
«Det er slik høgtid i verdi, du,
naar soli skin i dalar.»
 
 
Kui ruggar i grøne lid
med gylte knappar paa horni:
«No vil og [sic] eta meg mett og god
og koma med mjølk til borni.»
 
 
Stuten stend baade daud og lat,
og horni mot jord mun hanga:
«Berre i sinne eg radt er kar,
Daa er eg kje sein til aa stanga.»
 
 
Sauen segjer: «Eg uner best
aa vera i store flokkar.
Ein gjeng og reikar so trygt og godt
naar ein høyrer paa hjuring-lokkar.»
 
 
Grisen ruggar so feit og god
og slær ein krull paa rova:
«Det beste eg i verdi veit,
det er aa eta og sova.»
 
 
Hunden reiser øyro til vêrs:
«Skam, som grisen kann røda!
Hev eg fenge ein husbond hæv,
vil eg tena maten og føda.»
 
Hesten stend og lyder paa,
no kjem han ram utor skuggen;
og ifraa augo rister han
den lange brune luggen:
 
 
«Det held eg for det likaste
aa vera greid og trugen,
fara beint og manneleg fram,
og aldri so vender eg hugen.»
 
 
 

Frå Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen: Lesebok for folkeskulen. I. Landsmaalsutgaava. Kristiania: Jacob Dybwad 1907. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad