Frodevers

(Omsetjing, 1885)

 

Omsett av Ivar Mortensson-Egnund

 

Sal. ordspr.
12,23. 17,12. 25,15. 18,8. 11,28. 11,22. 31,30. 17,3. 15,11.

 

Kloke mann, som mykje veit,
visdom i hugen gøymer;
daarleg mann, som lite veit,
han kann 'kje si tunge tøyma.

 

Binna er fulla vond aa sjaa,
naar ho hev mist sine ungar;
daaren tykkjest meg verr' endaa,
han talar med tome tunga.

 

Hovdings hug og hardan haus
du kann med tolsinn vinna;
tunga ho bryt berg og bein
med hjarte-ord og linne.

 

Gapen gjeng'e paa hallargolv,
han gamsar med kaate munnar;
men det svid daa saart det skjemtarord
i innaste hjartegrunnar.

 

Den, som liter paa gods og gull,
skal enda med sorg og kvide;
men den, som gjeng paa rettferds veg,
skal bløma som lauv under lide.

 

Kvendefridd og væne lit,
det er full' fagert i syne;
men vænleik er forutan vit
som gull i grisetryne.

 

Kvendefridd og væne lit,
det mun so braaleg bleikna;
men naar Herren i hugen bur,
daa tarv ikkje frægdi veikna.

 

Det er deigle for sylvet,
og omn for gullet det reine;
men den, som røyner hjarto vaare,
det er Herren aaleine.

 

Daudeheimen og svarte djuv
kann seg for Gud ikkje løyna;
mannahugen leikar ikring,
den mun han daa fullvæl røyna.


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad